Historisk arkiv

På rette vegen mot Soria Moria

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg sendt div. media 19.12.2007.

Innlegg sendt div. media 19.12.2007.

Under Bondevik II-regjeringa var skattelette prioritert, medan kommunane vart sveltefôra. Kvardagen i kommunane handla om kva for tenester som måtte kuttast. 120 kommunar var underlagde statleg tilsyn gjennom det såkalla ROBEK-registeret. I dag er berre 1/3 av desse kommunane att i ROBEK.

På Soria Moria hadde vi klare ambisjonar om å styrkja kommuneøkonomien slik at det kommunale tenestetilbodet skulle bli betre. Regjeringa har difor gjeve kommunane eit inntektsløft. Kommunane har fått ein realauke i inntektene på 21 milliardar kroner frå 2005 til 2008. Dette er resultat av ei medviten satsing av regjeringa. Kommunane har òg hatt fordelen av ekstra skatteinntekter på i alt 8 milliardar kroner i 2006 og 2007.

Frå 2008 får vi på plass ei ny og betre tilskotsordning for mottakarar av ressurskrevjande tenester. Den siste helsinga frå Bondevik II til kommune-Noreg var eit kutt nettopp i denne ordninga. No får vi på plass ei føreseieleg ordning, noko kommunane har ønskt i fleire år.

Kommunane har nytta inntektsauken på ein god måte. Dei har retta opp økonomien og gjev no fleire og betre tenester til innbyggjarane.

Barnehageplass til alle som ønskjer det er innan rekkjevidd. I 2006 fekk 11 400 fleire barn plass i barnehage. I 2007 vil ytterlegare 13 000 barn få plass. Då vil nær 250 000 barn ha barnehageplass. Det gjev ein dekningsgrad på 85 prosent.

Målet om 10 000 nye årsverk i pleie- og omsorgstenesta er snart nådd, i god tid før stortingsperioden er omme. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at kommunane har auka utgiftene med 10,2 prosent frå 3. kvartal 2006 til 3. kvartal 2007. Tala syner òg at kommunane styrkar innsatsen i skulen. Frå 3. kvartal 2006 til 3. kvartal 2007 er det ein utgiftsauke i skulen på 7,2 prosent.

Kommunane har teke store steg framover, men det er framleis utfordingar. Fleire innbyggjarar skal ha eit tilbod frå kommunen, anten det gjeld barnehage, skule eller eldreomsorg. Krava frå innbyggjarane til kvalitet i kommunale tenester aukar. Sjølv om kommunane byggjer ut tenestene, vil behova og krava også auka.

Eg får òg meldingar om at mange kommuner slit med kostnadsvekst, auka rente og pensjonskostnader. Eg veit at vekstkommunar har særskilde utfordringar, medan fråflyttingskommunar har andre, men ikkje mindre utfordringar.

Veksten i kommuneøkonomien dei seinare åra har vore heilt naudsynt. Kommunane har såleis fått betre rammevilkår. Mykje er gjort, men vi er ikkje i mål. Regjeringa legg opp til vidare vekst i kommunale inntekter framover. Samstundes vil vi sjå på inntektsfordelinga mellom kommunane og leggja fram forslag til nytt inntektssystem for kommunane neste vår. Målet er at alle kommunar i landet skal kunna gje eit likeverdig tenestetilbod til innbyggjarane.