Historisk arkiv

Regjeringa tek ansvar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget er sendt Stavanger Aftenblad 30.05.2008.

Dagfinn Høybråten (KrF) brukar i Stavanger Aftenblad 19.mai store ord på det han opplever som  manglande vilje til ansvar frå mi side. La meg nytta høvet til ei oppklaring.

Regjeringa har som mål at alle skal kunna bu trygt og godt. Folk skal i hus! Vanskelegstilte på bustadmarknaden er ei samansett gruppe. For mange handlar det om  økonomi. For andre handlar det også om hjelp til å bu. Ein god bustadpolitikk må såleis innehalda  ei rekkje tiltak.

Bustøtta er eit av dei mest målretta verkemidla vi har i kampen mot fattigdom. Bustøtta går  til husstandar med låge inntekter og høge buutgifter. Regjeringa har gjort fleire endringar for å betra bustøtta. Frå 1. september 2007 er det innført månadlege vedtak slik at nye husstandar får bustøtte kort tid etter at behovet har oppstått. Før kunne mottakarar oppleva å måtta venta inntil 8 månader før dei fekk den første utbetalinga.

I statsbudsjettet for 2006 vart taket for buutgifter i dei største byane heva med 10 000 kr. Dette inneber meir i støtte til husstandar som bur i dei områda av landet der buutgiftene er høgast. Vidare er arealkravet på 40m2 fjerna  for mottakarar av ulike trygdeytingar, langvarig sosialhjelp og yrkesskadeerstatning. Forslaget vart fremja av BondevikII-regjeringa og gjennomført av vår regjering.

Frå i år er  kravet om finansiering av privat leigde bustader fjerna, slik at fleire kjem inn i bustøtteordninga. I tillegg er deltakarar av det nye kvalifiseringsprogrammet innlemma i ordninga. Føremålet med kvalifiseringsprogrammet er å medverka  til at fleire utsette grupper kjem i arbeid, altså eit viktig tiltak i arbeidet mot fattigdom.

Regjeringa har elles ambisjonar om ei enda betre bustøtte, særleg for barnefamiliar og einslege. Her er statsbudsjettet for 2009 neste korsveg. Bustadtilskotet  er òg viktig, ikkje minst for å skaffa fleire og meir eigna utleigebustader. Eg er svært nøgd med at Regjeringa i Revidert nasjonalbudsjett for 2008 varslar at Husbanken skal få høve til å  auka bustadtilskotet til opptil 40 % av investeringskostnadene for spesielle  bustadprosjekt som er retta mot bustadlause. I slike prosjekt skal det mellom anna stillast krav til oppfølging i bustadene.

Det er kommunane som først og fremst gjennomfører bustadpolitikken. På vegne av Regjeringa har eg difor skrive under på ein meir forpliktande avtale med KS om bustadsosialt arbeid. Husbanken, staten sitt viktigaste verktøy i bustadpolitikken, forvaltar ei rekkje låne- og tilskotsordningar. Løyvingane til ulike ordningar har  auka i den tida den raud-grøne regjeringa har hatt ansvaret. Tiltak som medverkar  til å førebyggja og avskaffa bustadløyse har førsteprioritet innanfor alle ordningane.

Eg vil òg minna Høybråten om at Regjeringa har styrkt kommuneøkonomien betydeleg – noko som står i grell kontrast til den førre regjeringa si haldning overfor kommunane. Med betre økonomi har kommunane sjølv fridom til å organisera det bustadsosiale arbeidet ut ifrå lokale føresetnader.

Høybråten anklagar meg for å skulda på førre regjering. Eg skjønar godt at han ikkje vil bli minna om den tida. Når Bent Høie og Bjørg Tørresdal på forunderleg vis let det sjå ut som om det ikkje skjer noko med bustadpolitikken under dagens regjering, vart det for freistande å ta att og minna om ei forverring dei sjølv var med på. 
Eg er elles hjartans samd med Høybråten i at det absolutt viktigaste er å sjå framover. Kan hende skulle eg leggja til at det heller ikkje er av vegen å tala truverdig om det som skjer i notida.