Historisk arkiv

Slepp fleire kvinner til

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget ble sendt media 08.07.2008.

Menn styrer lokalpolitikken i altfor stor grad. Kvinner er underrepresenterte. Kven har ansvaret for å gjera noko med dette? Først og fremst dei politiske partia: dei sit med nøkkelen. Dei kan dels setja fleire kvinner på nominasjonslistene, dels plassera dei høgare opp på desse listene.

Demokrati er – når alt kjem til alt – ein fredsæl konkurranse mellom idear og synspunkt. Er kvinnene borte, er også nokre av ideane og argumenta ute av tevlinga. Å rekruttera fleire kvinner og å setja saman nominasjonslister som har betre kjønnsbalanse, vil dermed styrkja lokaldemokratiet.

Topp-plassering på nominasjonslistene kombinert med røystetillegg er avgjerande for kor ”sikker” ein kandidat er på å verta vald inn i kommunestyret. Partia er dermed i stor grad førande for kven av kandidatane som vert valde inn. I kommunestyra sit det no i snitt 37,5 prosent kvinner. Dess nærare toppverva vi kjem, dess færre kvinner er det. Berre rundt to av ti av ordførarane i landet er kvinner.

Undersøkingar viser at partia plasserer kvinnene lågare ned på nominasjonslistene enn menn, og at dei får færre røystetillegg. Menn får 61 prosent av røystetillegga, mot 39 prosent til kvinnene.

Ved kommunevalet i 2007 utgjorde kvinner 42 prosent av dei nesten 63.000 kandidatane som stilte til val. Kandidatane er stort sett henta frå den mannsdominerte medlemsmassen i partia. Ein stadig meir aldrande medlemsmasse tyder også på at nyrekrutteringa til partia er dårleg.

Nominasjonskomiteane er òg mannsdominerte, ifølgje forskarar frå Rokkansenteret som evaluerer regjeringa si satsing ”Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken”. Den fremste oppgåva til nominasjonskomiteane er å rekruttera og å setja opp nominasjonslistene. I dei 22 utstillingskommunane, som skal vera eit tverrsnitt av norske kommunar, er heile 68 prosent av medlemene i nominasjonskomiteane menn. 66 prosent av alle medlemene (både menn og kvinner) er over 50 år.

Dei politiske partia må ta nyrekruttering på alvor. Eg ber kvart partilag om å tenkja seg om når dei vel nominasjonskomiteane sine. Dei må verkeleg tenkja gjennom korleis nominasjonslistene kan setjast saman slik at fleire kvinner vert valde inn i kommunestyra.

Nominasjonsprosessane før valet i 2011 ligg langt fram, men vi skal vera tidleg ute med brei informasjon for å auka medvitet om kva tiltak som kan setjast inn for å betra representativiteten til kvinner. Tiltak som vert utvikla og prøvde ut av utstillingsvindaugekommunane, vil visa veg her. I tillegg vil eg gje døme på korleis partia kan setja opp listene sine for å sikra betre kjønnsbalanse.

I arbeidet med den ferske stortingsmeldinga om lokaldemokrati har vi òg vurdert lovpålagt kjønnskvotering som eit verkemiddel for å auka kvinnedelen i kommunestyra. Her veg likevel omsynet til partia sin frie nominasjonsrett tyngre. Fram mot valet i 2011 har eg store forventingar til at partia viser at dei tek ansvar og nyttar denne retten på ein god måte.