Historisk arkiv

Svar på ope brev om omsorg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Sunnmørsposten 29.09.2008.

Knut Åmås skreiv nyleg eit ope brev til meg, der han spør etter dei 10 000 nye hendene som er lova i eldreomsorga. Brevet stod på trykk i Sunnmørsposten 5. september. Åmås fortener ros for sitt engasjement. Det er godt å sjå at ein leiar i pleie- og omsorgssektoren verkeleg ynskjer å gjera ein skikkelig jobb for at eldre skal få god fagleg hjelp.

Regjeringa lova i Soria Moria 10 000 fleire årsverk i pleie- og omsorgstenesta innan utgangen av 2009. Alle tal som har kome fram tyder på at målet snart er nådd.

Tal frå SSB syner at det kom 9500 nye årsverk til omsorgssektoren i åra 2004-2007. KS, kommunesektoren sin eigen interesseorganisasjon, har tal som ligg lågare, om lag 7300. KS-direktør Bjørn Gudbjørgsrud sa nyleg at han meiner sanninga truleg ligg ein stad midt imellom dei to tala, og at det uansett er realistisk at regjeringa greier å oppfylla lovnaden om 10 000 nye årsverk i omsorgssektoren innan 2009. Det er særleg interessant at denne lovnaden ser ut til å verta nådd også inkludert den nedgangen i årsverk i 2005 – det siste budsjettåret under Bondevikregjeringa.

Åmås vert provosert når eg kommenterer kor mange pengar kommunane er styrka med dei siste åra. Kommunesektoren har fått tilført vel 20 milliardar kroner i åra 2006 til 2008. Slik er det.

Eg er den første til å understreka at det framleis trengst meir midlar. Oppgåvene er store og viktige. La meg opplysa at Ørsta har hatt ein vekst i frie inntekter på over 20 millionar kroner under den raudgrøne regjeringa. Omlegginga til eit nytt inntektssystem for kommunane vil føra til at Ørsta kommune får meir pengar enn dei har gjort under det førre inntektssystemet. Eg vonar at også dei varsla nye midlane for neste år skal visa att i Ørsta og ynskjer Åmås lykke til med arbeidet vidare både på sjukeheimen og i politikken.