Historisk arkiv

Tenk på eit tal?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt media 27.11.2008.

Eg kjenner ikkje att KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon) slik dei vert tolka i  Aftenposten 20. november og seinare referert i ei rekkje media. KS vert sitert på at kommunane vil få 3 milliarder kroner mindre i skatteinntekter i 2009 enn det som er lagt til grunn i statsbudsjettet. KS har vidare funne ut at kommunane har tapt 1.5 mrd. i aksjemarknaden. Dette vert i sum framstelt som at  kommunane no må kutta 4.5 mrd. kroner i 2009-budsjetta.

Denne påstanden vert fylgt opp på leiarplass både i Aftenposten og i andre aviser. Talet 4.5 milliardar har festa seg.

Finanskrisa gjer skatteanslaga for 2009 meir usikre enn vanleg. På dette tidspunktet  er det på ingen måte mogleg å fastslå korleis det kjem til å gå. Kommunane sine skatteinntekter i oktober peikar i retning av at skatteinntektene for året 2008 vil bli høgare enn anslått i statsbudsjettet for ein  god månad sidan.

Regjeringa sitt  økonomiske opplegg for kommunesektoren i 2009 byggjer mellom anna på ei nøktern vurdering av utviklinga i skatteinntektene. Når vi held endringane i inntektssystemet utanfor, kan skatteveksten neste år reknast til 3 prosent for kommunesektoren som heilskap, noko som må seiast å vera eit nøkternt anslag.

Eg har med jamne mellomrom møte med KS der vi blant anna diskuterer kommuneøkonomi. KS har i desse møta aldri lagt fram talmateriale som underbyggjer ein påstand om skattesvikt. Det er derimot inntrykket mitt at dei medvite ikkje overprøver Finansdepartementet sine skatteanslag.

Kommunane drøftar no budsjetta sine for 2009. Dei vurderer sjølv eigen skatteinngang. Dagens situasjon bør etter mitt syn tilseia at kommunane legg til grunn regjeringa sine anslag, anslag som eg likevel må understreka også er usikre, men likevel langt tryggare enn eit tal som framstår som rein gjetting, leiken ”tenk på eit tal”. Eg føreset at KS seier frå, både til regjeringa og kommunane, om dei er usamde i det.