Historisk arkiv

Vi strammar inn regelverket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Replikk publisert i Aftenposten 14.01.2008.

Replikk publisert i Aftenposten 14.01.2008.

Fylkesmennene undersøkjer for tida om dei såkalla Terra-kommunane gjorde noko ulovleg då dei handla ulike verdipapir gjennom Terra Securities. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har allereie konkludert, og slått fast at både Vik og Bremanger har brote kommunelova på fleire punkt.

Eg har tidlegare varsla ein gjennomgang av alt relevant regelverk i etterkant av Terra-saka. Rapportane frå fylkesmennene vil vera eit viktig utgangspunkt for dette arbeidet. Vonleg vil desse rapportane liggja føre om kort tid. Målet mitt er å hindra at kommunar kan koma opp i tilsvarande situasjonar i framtida.

Eit første steg er å stramma inn regelverket slik at kommunar ikkje skal kunna bruka framtidige kraftinntekter til å finansiera kjøp av verdipapir.

På leiarplass den 10. januar meiner Aftenposten at kommunal- og regionaldepartementet har eit ansvar for kommunane sine lovbrot. Aftenposten tek feil. Ingen av dei lovbrota fylkesmannen påpeikar i sin rapport har samanheng med det såkalla Vik-brevet, eit brev departementet sende til Sogn revisjonsdistrikt i 2002.