Historisk arkiv

- Velkomne som nye statsborgarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Tale ved statsborgarseremoni i Stavanger 7. juni 2009

- Vi treng den kunnskapen og kompetansen de representerer, for å gjera Noreg i stand til å takla møte med nye kulturar. De som sitt her i dag har makta ei dramatisk omvelting i liva dykkar. Eg håpar de vil bruka den erfaringa til beste for Noreg. Det sa kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa da ho sundag talte til nye norske statsborgarar i Stavanger.

Gode nye statsborgarar, gode gjester og vertskap!

Dei er ei stor glede for meg, på vegne av regjeringa og det norske samfunnet, å få gratulera kvar einskild av dykk med dagen.

Dette er ein seremoni som markerer og feirar at de no har vorte norske statsborgarar. Sjølv om de allereie har budd mange år i Noreg, er eit nytt statsborgarskap eit nytt kapittel. De har gjort eit viktig og alvorleg val. For nokre har det kan henda vore vanskeleg og forbunde med sorg og sakn å ta eit slikt skritt. For andre kan valet vera meir positivt.

Uansett er det naturleg at vi ved ein slik overgang nyttar høvet til å stansa litt, tenkja over kva det tyder å tre inn som eit fullverdig medlem av samfunnet, og, ikkje minst, feira høgtida.
Dette er dykkar dag!

De har allereie gjort mange erfaringar som innbyggjarar i Noreg. Eg er viss på at nokre erfaringar har negative forteikn, andre har vore meir positive. I mitt daglege virke som statsråd for kommunane i landet, arbeider eg mykje med korleis dei skal kunne verta gode lokalsamfunn for dei som bur der. I fleire kommunar strevar dei med å halda folketalet opp. Heldigvis vandrar det inn menneske til Noreg, som får høve til å busetja seg i ein kommune.

Då er det viktig at lokalsamfunnet er i stand til å møta nye innbyggjarar med opne armar og eit ope sinn og kunna forstå kva bakgrunn de har og korleis de tenkjer.

For dykk som kjem til ein ny stad, vert utfordringa å forstå korleis dei som bur der frå før tenkjer. Det er ikkje alltid like enkelt. Vi nordmenn er nok ikkje så direkte og inkluderande som vi trur. Difor treng vi den kunnskapen og kompetansen de representerer, for å gjera Noreg i stand til å takla slike kulturmøte. De som sitt her i dag har makta ei dramatisk omvelting i liva dykkar. Eg håpar de vil bruka den erfaringa til beste for Noreg.

Samstundes som eg er oppteken av å oppfordra kommunar og lokalsamfunn til å vera tolerante, er eg oppteken av at gode samfunn også har ein sterk kulturell identitet. Det er ingen motsetnad i desse to omgrepa.

Å ha ståstad i eigen kultur kan styrka evna til å forstå det som er annleis. Også evnen til å ta i bruk nye impulsar og ressursar. Eit moderne samfunn ser seg både tilbake og framover. Tradisjon og fornying må gå hand i hand.

For dykk, som medborgarar og no statsborgarar, gjeld det altså å slutta opp dei verdiane som vi Noreg ser som viktige. Eit løfte om truskap, som de no skal avleggja, forpliktar. Statsborgarskapet er jo ei formalisering av ein samfunnskontrakt mellom stat og individ. De skal støtta innhaldet i lovane i landet vårt. De skal støtta menneskerettane. Staten skal på si side respektera at den einskilde til dømes skal kunna utøva sin religion eller sitt livssyn.
For oss som samfunn tyder det å akseptera mangfald og ulik kulturbakgrunn.

Her i Rogaland, kor de har valt å bu, har vi lange tradisjonar for å sjå ut over våre eigne heimtrakter. Vi er eit kystfylke. Andletet har gjennom generasjonar vore vendt ut mot havet. Vi har handla varer og fått kulturelle impulsar frå utlandet i over tusen år. Vi har ei sterk misjonsrørsle som har bunde små samfunn tett saman med land og folk på fleire kontinent. Madagaskar i Afrika er eit av mange døme. Mange rogalendingar valde på 1800-talet og i byrjinga av førre hundreåret å reisa til Amerika. I dei seinare åra har Stavanger vorte Noregs olje hovudstad.
Det er ikkje berre norske flagg som vaiar i 17.mai-toget her.

Kan hende tar noko av dykk med eit anna flagg enn det norske når de skal feira grunnlovsdagen. Det er greitt. Å verta norsk statsborgar tyder ikkje at de må velja vekk kvar de kjem i frå. De kan ha fleire ståstader. Det er jo nettopp den styrken og rikdommen de kan bringa inn i det norske samfunnet.

Vi treng dykk som kan læra oss noko om dei ”andre”, ei nemning og ein tenkjemåte som vi diverre for ofte nyttar når vi omtalar innvandrarar.

Som statsråd med ansvar for vala i vårt norske demokrati, kan eg ikkje unngå å minna dykk om at de no har lov til å røysta ved stortingsvalet til hausten. Nokon av dykk har kanskje allereie gjort det ved lokalval.

Vi kallar gjerne det å røysta ei borgarplikt. Nytt denne retten til å delta i det lokale politiske ordskiftet og gjer dykk opp ei meining om kva for eit parti som bør få røysta dykkar i september. Det frie valet er heilt sentralt i det demokratiet vi er så stolte av.

Litt lenger nord i fylket, i Haugesund, bur diktaren Kolbein Falkeid. Han er rogalending, men også ein kosmopolitt som har skrive mykje om møtet mellom kulturar.

Høyr berre på dette diktet. Det heiter Et møte

Jeg reiste til Afrika
med fem bøker om verdensdelen.
Tenkte jeg var godt forberedt.
På veien møtte jeg en mann fra Tchad
som skulle til England.
han hadde fem bøker om Europa
og tenkte han var godt forberedt.

Ingen av oss sa noe morsomt,
men plutselig satte vi oss ned
og lo.

De får idag ei gåvebok frå det norske samfunnet. Der er hovudlinjene i Noreg si historie omtala. Ho gir ei viktig innføring i norsk demokrati og styresett. Les boka. Men uansett kor nyttig de finn denne boka, så er det berre aktiv deltaking på dei ulike arenaene i samfunnet som kan gjera dykk verkeleg førebudd på å vera norske statsborgarar.

Til lykke med dagen, og velkomne som statsborgarar!