Historisk arkiv

Betre kommunar gjennom samarbeid, ikkje tvang

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 30.10.2009.

Det er mange myter om kor eg som ny kommunal- og regionalminister  og leiar i Senterpartiet står i spørsmåla om kommunestruktur og samhandlingsreform.

Det fekk eg stadfesta i nokre av dei kommentarane som kom etter mine utsegn på eit møte i kommunane sin interesseorganisasjon, KS, nyleg.

Variert storleik viktig
La meg difor gjere det klart. Verken eg eller Senterpartiet er mot at kommunar vel å slå seg saman. Eg er i mot er at samanslåing skal verte gjennomført med tvang. Ein variert storleik på kommunane bidreg til spreidd busetjing og at innbyggjarane skal ha reell fridom til å bu der dei vil.

Samhandlingsreforma endrar ikkje på det.

Reforma skal sikre fleire, betre og tidligare helsetenester der folk bur. Altså desentralisering og førebygging.Makt, midlar og oppgåver skal flyttast til kommunane.

Det vil stille store krav til organisering og samhandling. Vi veit dette blir krevjande. Vi har gått i gang med den største reforma i kommunesektoren på lang tid. Men det er altså ikkje noko argument for tvangssamanslutningar av kommunar.

Sett vi i gang ei omfattande kommunesanering, kan eg love at energien og merksemda ville blitt brukt heilt andre stader enn i arbeidet med å gjere helsekvardagen til innbyggjarane betre.

Finne gode modellar
Det vi no må gjere er å leggje alt til rette for at kommunane sjølve kan finne fram til gode modellar for samarbeid og samhandling. I dette arbeidet er vi heilt avhengig av god dialog med kommunane. Det har skoen på og veit kvar den trykkjer.

Nokre kommunar vil kanskje velje vertskommunesamarbeid. Der er det ein kommune tek på seg ansvar for ei oppgåve på vegne av fleire.

For dei som vil freista andre veger, vil vi no arbeide vidare med ein ny samkommunemodell. Denne modellen kan vere særleg aktuell for kommunar som ønskjer å samarbeide på fleire område, og sjå desse i samanheng på tvers av kommunegrensene.

Eg trur samkommunen vil gi betre folkevald styring enn dagens fragmenterte samarbeidsmønster. Vi må ikkje gløyme at vi skal teke vare på lokalt demokrati og engasjement.

La fakta prege debatten
Vi treng eit ordskifte om korleis kommunane skal organisera seg framover, og vi treng å diskutera korleis samhandlingsreforma skal setjast ut i live.

Men lat debatten ta utgangspunkt i fakta og kjensgjerningar, ikkje myter og førestillingar.