Historisk arkiv

Betre, men utfordringar i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Oppland Arbeiderblad 06.05.2009.

Kommunane har under den raudgrøne regjeringa fått 30 milliardar kroner ekstra til velferd. Kari-Anne Jønnes frå Gran Høgre gjentar her i avisa måndag mantraet frå partiet om at kommunane hadde det betre då partileiar Erna Solberg var statsråd.

Meiner Jønnes verkeleg at dei 6000 nye årsverka som kommunane fekk på plass under Bondevik II-regjeringa er like mykje som dei over 30 000 nye årsverka dei no har fått?

Raudgrønt styre har gjeve barnehageplass til 34 nye barn kvar dag etter at denne regjeringa tok over. Det har vorte fleire lærarar per elev i grunnskulen og målet om 10 000 nye årsverk innan pleie- og omsorgssektoren er meir enn oppfylt. Fleire eldre menneske har fått einerom og fleire har fått heimetenester.

Samstundes vart 2008 eit krevjande år for kommunane. Kommunebudsjetta vart vedtekne i desember året før, under gjevne føresetnader. I 2008 vart kostnadene langt høgare enn både regjeringa, Stortinget og kommunane la til grunn. I tillegg slo finanskrisa inn også i kommunane. Slik oppstod det ein økonomisk ubalanse. Det gjev sjølvsagt utfordringar vidare.

Statsbudsjett for 2009 gav auka overføringar, mellom anna med meir pengar som kommunane sjølve kan styra over. Regjeringa legg opp til ein merkbar vekst i inntektene i 2009, 8,5 milliardar kroner meir. Eg vonar det skal gjera det mogleg å konsolidera situasjonen.
 
Eg er trygg på at kommuneøkonomien for denne perioden vil stå seg samanlikna med dei åra Jønnes skryt av. Senterpartiet og regjeringa har levert. Sjølv om her framleis er uløyste oppgåver, er vi på rett veg. Det trur eg innbyggjarane vil vera samde med meg i.