Historisk arkiv

Bygg for framtida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei halde på RIF sitt haustmøte 11.11.2009.

Gode forsamling!

Eg vil opne med å seie at de i RIF er den fyrste gruppa frå byggjebransjen eg treff etter at eg starta som KRD-statsråd. Byggje- og bustadpolitikk er eit nytt felt for meg. Det er eit område eg kjem til å gje mykje merksemd framover.

Ikkje berre skal vi leggje til rette for at alle skal ha ein trygg og godt utforma bustad. Regjeringa har også høge ambisjonar om at bygningane i Noreg skal vere energieffektive. Det er heilt avgjerande for å nå dei ambisiøse klimamåla vi har sett oss!
 
Om nokre få dagar møtast representantar frå 192 land i København til internasjonale klimaforhandlingar. Dei skal mellom anna arbeide for ein ny klimaavtale. Kyoto-avtalen avsluttast i 2012. Det er ingen tvil om at verda treng ei ny avtale. Vi må få kontroll med utsleppa av CO2. Vi må førebyggje verknader av eit meir uroleg klima.

Reduserte utslepp er ikkje berre eit spørsmål om olje- og gassutvinning og redusert bilkøyring. Meir energieffektive bygningar er eit særs sentralt og viktig tiltak. Difor forventar eg at energibruk i hus og bygningar blir eit tema i København!

Årsaka er klår: Dei siste 30 åra har ingen sektor hatt høgare vekst i energibruken enn byggjenæringa.  Om lag 40 prosent av den stasjonære energibruken i Noreg kjem frå bygningar.

Klimadebatten er med andre ord berre halvvegs, viss ikkje energibruken i bygningar takast opp! Vi må redusere energibruken og samstudens leggje om til meir bruk av fornybar energi. Heldigvis er det både nasjonal og internasjonal einigheit om dette.

Her heime har vi allereie kome eit stykkje på veg. Det breie klimaforliket mellom regjeringspartia og dei andre partia, minus Framstegspartiet, frå januar 2008, slår mellom anna fast at vi må satse på meir energieffektive løysingar i bygg.

Andre europeiske land har og høge ambisjonar. I Storbritannia er det varsla krav om at nye bustader skal vere karbonnøytrale frå 2016. EU-parlamentet har sendt over eit framlegg til rådet om at alle nye bygg frå 2019 må produsere like mykje energi som dei nyttar.
Lågare energibruk gjev ikkje berre klima- og miljøgevinstar. Det gjev også gevinst i form av lågare kostnader til oppvarming. Det er dokumentert frå fleire hold:

I 2007 kom SFT med rapporten ”Reduksjon av klimagasser i Norge: En tiltaksanalyse for 2020”. Der blei kostnader og mulegheiter vurdert. Det er eit stort potensial for kostnadseffektive tiltak i bustad- og byggsektoren.

Lågenergiutvalet sin rapport konkluderer også med at det er eit stort potensial i byggsektoren. Utvalet meiner det er muleg å halvere energibruken på 30 år.

Skal vi realisere desse måla, treng vi ein nytenkjande og framtidsretta bransje som gjev oss framtidas bygg. Det trur eg de er motiverte, kompetente og klare for å gjere!

Staten som premissgjevar
Staten skal sjølvsagt gå føre og setje krav og normer gjennom lovar, økonomiske ordningar og støtte til informasjon og kompetansebygging.

KRD er ansvarleg for byggjedelen av Plan- og bygningslova som gjev rammer for nybygg og ved hovudombygging. Gjennom lov og føresegner set vi rammene for næringa.
Dessutan: Husbanken sine låne- og tilskotsordningar innheld energi- og miljøkrav. Samtidig bidreg Husbanken og BE med viktig kompetanse- og informasjonsformidling.

Regelverk
I 2007 blei energikrava i teknisk føresegn skjerpa. Det blei gitt ein overgangsperiode på 2,5 år slik at næringa og kommunane kunne tilpasse seg dei nye krava.

Den 1. august 2009 var overgangsperioden over. Krava blei obligatoriske for alle nye bygningar. Desse skal redusere energibehovet med omlag 25 prosent i nye bygg.

Ny teknisk føresegn var nyleg på høyring. KRD foreslo at krava til energieffektivitet blir vidareførte - med nokre justeringar. Dei justeringane meiner eg langt på veg møtekommer kritikk av 2007-krava frå RIF:

De var bekymra for bruken av glas i fasadar i næringsbygg, sidan det då er behov for mykje energi til kjøling. Difor føreslår vi no nye krav til utforming av fasadar. De peika også på at kravet om 70 prosent varmegjenvinning av ventilasjonslufta var for lågt. I framlegget legg vi opp til å auke det til 80 prosent.

Det kjem og endringar i krava til energiforsyning. Vi ønskjer å auke fornybardelen for nybygg over 500 m2. Høyringa syner to alternative framlegg til skjerpa krav til energiforsyning. 80 eller 60 prosent av energiforsyninga skal kome frå andre energikjelder enn fossilt brensel og elektrisitet.

Det blir og vurdert ein modell av desse to alternativa, der dei skjerpa krava berre skal gjelde fossile brensel, mens krava frå 2007 framleis skal gjelde for elektrisitet.

I forslaget blir det og diskutert eit muleg forbod mot oljekjel i nye bygg. Høyringsfristen var 15. oktober. Det er mange som har meint mykje om energiforsyning. KRD (og Statens bygningstekniske etat) går no igjennom alle høyringsinnspela.

De i bransjen må i alle fall vere førebudde  på skjerpa krav. Klimaforliket tilseier revidering av energikrava minst kvart femte år. Dette vil vi følgje opp.

Eksisterande bygg
Krava i den nye plan- og bygningslova og dei nye føresegnene  er hovudsakleg retta mot nye bygningar og større ombyggingar i eksisterande bygg.

Samtidig finn vi dei største energiutfordringane i gjeldande bygg. Om lag 70-80 prosent av dei bygningane som er oppførte i dag, vil framleis stå i 2050. Difor treng vi gode verkemiddel for å gjere noko med dei eksisterande bygga.

  • Enovas tilskot og lån i Husbanken til utbetring er viktige verkemiddel.
  • Stimulering til miljøriktig forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling blir eit særs viktig satsingsområde.

Gevinstane kan berre takast ut viss byggeigarar og -brukarar blir meir miljøorienterte. Det ligg eit stort potensial i god energistyring og gjennomtenkt energibruk. Energimerkjeordninga som Olje- og energidepartementet har ansvaret for vil hjelpe til meir medviten energibruk.

Framover vil vi også vurdere andre mulege verkemiddel for eksisterande bygningar. Eg kjem tilbake til det.

Eit anna muleg problem med eksisterande bygg som RIF har løfta er jordskjelvsikring. Dette er litt på sida av tema for dagen, men eg ønskjer likevel å omtale det. Som mange av dykk veit, fekk Kommunal- og regionaldepartementet tidligare i haust brev frå RIF med spørsmål om jordskjelvsikring av eksisterande bygningar.

I brevet uttrykkjer RIF frykt for at samfunnskritiske bygningar, mellom anna Stortinget, kan rase saman dersom det kjem eit jordskjelv som er like sterkt som det som ramma Oslo i 1904 (5,4 på Richters skala). RIF har uttrykt denne frykta også i media. RIF meiner at styresmaktene skal påleggje aktuelle bygningseigarar å gjennomføre jordskjelvsikring.

Departementet trur eit slikt pålegg vil vere eit svært inngripande tiltak med store økonomiske konsekvensar. Problemstillinga med jordskjelvsikring av eksisterande bygg blei heller ikkje reist under arbeidet med ny plan- og bygningslov. Difor omtaler verken gjeldande plan- og bygningslov eller byggjesaksdelen i ny plan- og bygningslov problemstillinga. Han gjev heller ikkje heimel til å gje slike pålegg.

Slik lovgivinga er i dag, vil det vere eigarane av dei offentlege bygningane som sjølve må vurdere behov for og iverksetjing av eventuelle sikringstiltak.

Miljøhandlingsplanen
9. september la regjeringa fram ”Bygg for framtida” - miljøhandlingsplanen for bustad- og byggjesektoren. Miljøhandlingsplanen samlar planar frå ei rekkje departement og etatar i bustad- og byggsektoren. Lågare energibehov i bygningar er eit av fem satsingsområde i planen.

Mange ønskjer ein meir samordna stat. Miljøhandlingsplanen er eit bidrag til statleg samordning. Som den eigentlege samordningsministeren i regjeringa, har eg ambisjonar om at vi tenkjer heilskap. Det gjeld sjølvsagt også politikken overfor bygg- og eigedomsnæringa . Då vil politikken også bli meir effektiv.
Miljøhandlingsplanen skal hjelpe til med dette.

Samtidig må også bransjen sørgje for å vere samordna på si side. Vi møter alt frå utsegn om at ”dagens Tekniske forskrift er alt for streng” til ”kvifor setjast det ikkje berre krav om passivhus no?”

Samarbeid med bransjen
Skal vi nå dei ambisiøse måla, må alle aktørar i bustad- og byggsektoren arbeide saman. Vi har eit godt samarbeid med bransjen. Mellom anna vil eg nemne Byggjekostnadsprogrammet, Byggjemiljø og Lågenergiprogrammet.

Programperioden for Byggjekostnadsprogrammet og Byggjemiljø var i utgangspunktet ut 2009. KRD vil saman med andre departement sjå på korleis erfaringane frå desse programma kan vidareførast i samarbeid med byggjenæringa. Byggjemiljø vil vidareførast i 2010.

Eg opplever at næringa og styresmaktene  vil same veg. Eg registrerer med glede at Bustadprodusentane tek passivhusutfordringa (Per Jæger i bygg.no. 20.8) og seier bransjen er klar til å byggje passivhus innan 2020. Eg såg også i siste utgåve av Teknisk Ukeblad at ein representant for Veidekke meinte at det ikkje er nokon grunn til å vente til 2020 med passivhus, men at med dei rette insitamenta kan gjerast i 2010. Eg veit ikkje om det breie fleirtalet i næringa er heilt einige i dette, men det er interessante ord.


Uansett skal vi jobbe saman med næringa om å få på plass krav om passivhus i forskriftene (innan 2020). For å byggje gode, tette hus med lågt energibehov og godt inneklima trengst gode rådgjevarar. De som sitt her i dag er sentrale bidragsgjevarar til framtidas bygg.

Eg vonar vi saman kan gjere forbrukarane medvetne om dei gode mulegheitene og løysingane som finst. Til liks med eit fint kjøkken og bra bad, kan også gode energiløysingar koste litt ekstra i starten, men vil gi tilbake mykje over tid.

Ny gruppe for energieffektivisering i bygg
Viss vi skal kunne få på plass eit krav om passivhus i forskriftene innan 2020 må vi sjå på korleis vi kan kome dit.

Eg vil i nær framtid setje ned ei gruppe som skal arbeide med energieffektivisering i bygg. Gruppa skal ha representantar frå næring, miljøorganisasjonar og styresmakter.

Oppgåva blir å utarbeide ein plan for korleis vi kan auke energieffektiviteten i både ny og eksisterande bygningsmasse. Gruppa skal også kome med konkrete forslag til korleis vi i praksis kan auke energieffektiviteten i den eksisterande bygningsmassen. Dei skal sjå på både reglar og økonomiske verkemiddel.

Eg jobbar i desse dagar også med å utforme mandatet. Denne gruppa vil utgjere ei ny samarbeidsplattform mellom styresmakter, miljøorganisasjonar og bransje. Men vi vil også halde fram det gode samarbeidet på andre måtar.

Heile bygg-, anlegg- og eigedomsnæringa utgjer ein viktig samarbeidspartnar for oss. De som jobbar med planar og prosjektering i byggsektoren speler ei særs viktig rolle i utvikling av gode bygg og eg ser fram til eit godt samarbeid.

Lukke til med haustmøtet!