Historisk arkiv

Demokrati er ikkje sløsing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til VG 20.11.2009.

Eg meiner Kåre Willoch tek feil når han hevder at det er sløsing og reaksjonært å seie nei til færre kommunar gjennom tvang. Argumenta frå den tidligare statsministeren og Høgre-leiaren er ikkje av ny dato. Dei sto mellom anna å lese i artikkelsamlinga Utfordringar frå 2004.

Men eg tek gjerne debatten om korleis vi skal få ein best mogleg kommunesektor. Kommunar og fylkeskommunar står for viktig velferd, har to av 10 sysselsette og inntekter på meir enn 330 milliardar kroner. Desse ressursane må - og skal forvaltast effektivt og til beste for innbyggjarane, slik at vi får gode tenester.

Det eg reagerer på er at Willoch kallar det reaksjonært å seie nei til ei storstilt samanslåing med tvang.

La meg difor gjere det klart. Verken eg eller Senterpartiet er mot at kommunar vel å slå seg saman. Men eg er imot at det skal finne stad med tvang. Stortinget kan ikkje gjennom vedtak endre den særnorske geografien. Noreg er ikkje Sverige eller Danmark. Variert storleik på kommunane bidreg til spreidd busetjing. Innbyggjarane får fridom til å bu der dei vil.

Willoch hevdar at det er sløsing å la små kommunar drive som i dag og at dei ikkje i stand til å skaffe kvalifisert arbeidskraft. Willoch tek til orde for gammaldags politikk med ei storstilt sentralisering. Innbyggjarane skal tvingast til sentrum i storkommunane. Det skal gje stordriftsfordelar og effektiv velferdsproduksjon.

Willoch overser at mindre lokalsamfunn med eigne lokalpolitikarar bidreg til ein god og sunn samfunnsøkonomi. For å få det til treng vi eit inntektssystem som tek omsyn til geografi og kultur.

Vi driv ikkje nasjonen ut frå forretningsmessige prinsipp, men fordi vi har politiske mål vi trur på.

I boka si skriv Willoch klokt om at vi treng eit levande lokalt folkestyre. Då kan vi ikkje redusere det.