Historisk arkiv

Draumen om eigen bustad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Kommunal Rapport 24.02.2009.

Det å eiga sin eigen bustad er ein draum dei fleste av oss deler. For svært mange blir draumen til røyndom. I desse dagar er Noreg utsett for store utfordringar i økonomien, mellom anna med tap av arbeidsplassar som resultat. Finansuroa har allereie ramma mange nordmenn, og enda fleire har gått inn i 2009 utrygge på kva som vil skje. Sjølv om dei fleste av oss ikkje blir råka direkte, får nokre større vanskar med å skaffe eigen bustad.

Vi har gode ordningar i bustadpolitikken, men vi har også utfordringar framfor oss.

  • Meir enn 5 000 personar manglar ein heim å kalla sin
  • Vi har for få kommunalt disponerte utleigebustader og mange er i dårleg stand
  • Høge buutgifter gjer terskelen inn i bustadmarknaden nærast utilgjengeleg for altfor mange.

Regjeringa har som mål at også dei som ikkje har mykje pengar, skal bu trygt og godt. Vi ynskjer at flest mogleg skal klara seg sjølv på bustadmarknaden. Alle treng vi fire veggar å organisera livet vårt ut frå. Det er ikkje enkelt å sortera jobb, vener eller vanskar utan å ha ein heim. Å skaffa bustader til vanskelegstilte er derfor ei viktig oppgåve.

Derfor har vi ulike økonomiske ordningar for ungdom og vanskelegstilte grupper. Bustøtte bustadstilskot og startlån er laga for å hjelpa dei som treng ein dytt i starten, eller ei ekstra støtte i kortare eller lengre periode. Husbanken handterer desse ordningane overfor kommunane. Har du vanskar på bustadmarknaden, er det din eigen kommune du skal venda deg til. Der får du nærare greie på kva hjelp og støtte som finst.

Bustøtte er ei god ordning. Regjeringa ynskjer at mange fleire med låge inntekter og høge buutgifter skal få bustøtte. Om lag 50 000 fleire husstandar kan koma inn under den ordninga frå 1.juli i år. Desse kjem i tillegg til dei 100 000 husstandane som mottek bustøtte i dag. Dette er eit stort løft i kampen om fattigdom. Den ny bustøtteordninga vil vera mykje enklare og meir rettferdig enn den gamle. Ordninga vil vera til stor hjelp for unge og andre med svak økonomi som skal etablera seg i eigen bustad. Dei som slit med høge husleiger og høge renter på bustadlåna vil òg kunna få det lettare.

Mange bankar er blitt varsame med å låna ut pengar og gi toppfinansiering. Startlånet i Husbanken er eit alternativ for fleire enn dei som nyttar det i dag. Det er ei ordning som kan brukast i etableringsfasen, men også  til å refinansiera lån og såleis hindra gjeldsproblem.

Eg har gitt Husbanken klar melding om å prioritera utbetaling av startlån til kommunane. Rundt 6000 husstandar fekk hjelp til å kjøpa bustad ved hjelp av startlånet i 2007. Førebelse tal for 2008 syner at like mange fekk hjelp i fjor.

Startlånet er eit godt verkemiddel for dei som har vanskar med å få lån til bustad i private bankar. Mange er i målgruppa for ordninga utan å vita det. Med eit startlån frå kommunen, kanskje også i kombinasjon med bustøtte og bustadtilskot, vil langt fleire vera i stand til å betala eit bustadlån.

Kommunane disponerer i tillegg utleigebustader. To rapportar frå siste året viser at for få og for mange ueigna utleigebustadar er det største hinderet for å nå målet om at alle skal i hus. Altfor mange som skulle hatt dette tilbodet, får det ikkje.  Det ligg tilskot til nye utleigebustader på statsbudsjettet for 2009. Eg er glad for det auka bustadsosiale engasjementet vi no ser i stadig fleire kommunar.

Vi er likevel ikkje i mål før alle bur trygt og godt!