Historisk arkiv

Eigedomsskatten er lokal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Vesterålen online 06.02.2009.

Eigedomsskatt er ein frivillig lokal skatt og skal framleis vera det. Når Hildur Larsen reagerer med vantru på endra praksis, slik ho skriv på Vesterålen Online den 4. februar, vil eg gjerne medverka til at ho får eit roleg år med å presisera følgjande:

Det er lokale styresmakter som har ansvaret for eigen økonomi, det framgår også av departementet sine retningsliner for tildeling av skjønnsmidlar. Lokale styresmakter må sjølv avgjera kva verkemidlar som bør nyttast for å oppnå økonomisk balanse og god drift av kommunen. Eigedomsskatt er ei inntektskjelde kommunane kan vurdera på linje med andre tiltak.

Fylkesmennene fordeler skjønnsmidlar til kommunane etter retningslinjer frå departementet.

I desember i fjor sende eg eit brev til fylkesmennene for å klargjera nett det. I gjeldande retningsliner framgår det såleis at fylkesmennene skal leggja til grunn at det er opp til det einskilde kommunestyret sjølv å prioritera auka inntekter eller reduserte utgifter, samt kva inntektskjelder som bør aukast eller kva utgiftsområde som bør reduserast.