Historisk arkiv

Eit mangfald av løysingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Dag og Tid 24.06.2009.

Eg er glad for at Dag og Tid dei siste vekene har gjeve spalteplass til eit ordskifte om kommunesamarbeid og kommunestruktur. Vi treng debatt om korleis vi best kan tilretteleggja for  lokaldemokrati og kommunale velferdstenester i åra som kjem.

Sjølv har eg i lengre tid vore oppteken av korleis kommunane kan stimulerast til meir systematisk samarbeid.

Ein veg å gå, er å halda fram dei gode døma. Nyleg heldt Kommunal- og regionaldepartementet eit seminar der ulike kommunesamarbeid viste fram erfaringane sine. Her er flest erfaringar med regionråd og interkommunale selskap. Fleire har også dei to siste åra prøvd ut vertskommunemodellen, ei ordning der ein kommune tek på seg ei oppgåve på vegner av fleire. To kommunar har så langt erfaring med samkommunemodellen, ei løysing som er særleg aktuell  for kommunar som ønskjer å løysa fleire oppgåver på tvers av kommunegrensene.

Eg har teke initiativ til ein gjennomgang av relevant lovverk og sett i gong eit arbeid for å lovfesta samkommunemodellen. 

Målet med samhandlingsreforma vi presenterte førre fredag, er å gi fleire, betre og tidlegare helsetenester der folk bur. Vi vil gjennom eit betre samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunane auka fokuset på førebyggjande helsearbeid. Reforma  gjer eit offentleg ordskifte om  organisering og samarbeid i kommunane ytterlegare aktuelt.

Eg har denne våren vore både i Danmark og Finland. Der fekk eg høyra meir om kva som skjer når tvang og sterke statlege føringar vert nytta overfor kommunane.

Etter desse vitjingane er eg styrkt i trua på at friviljuge løysingar er dei beste. Eg er heller ikkje i tvil om at lokale folkevalde  kjenner dei lokale føresetnadene best. Dei er opptekne av at innbyggjarane skal ha gode tenester og at lokaldemokratiet skal gi meining.

Noreg er eit mangfaldig land. Folk bur der dei bur. Det krev eit mangfald av løysingar. Som medlemmer av  regjeringa eller Stortinget skal vi ha ambisjonar på vegner av kommunane. Vi skal samstundes vera medvitne om at vi ikkje kan oppheva norsk geografi eller folkesamansetjinga  i dei ulike kommunane.

Kommunane har lang erfaring med samarbeid. Dei vil sjølve sikra dei beste løysingane. 

Ønskjer innbyggjarane ei samanslutning med andre kommunar, ja, då har dei mi støtte.

Friviljugheit må likevel vera grunnlaget.

Eg trur ikkje, i motsetnad til Venstre og Høgre, at tvang er vegen å gå. Fleire parti er uklåre her. Senterpartiet tek mål av seg til å vera garantisten for at den lokale folkeviljen vert høyrt!

Eit levande folkestyre og gode velferdstenester får vi først når dei store politikkområda, som kommuneøkonomi, transport- og næringspolitikk, spelar på lag med lokalsamfunn og lokalpolitikk.

Lat meg til slutt seia meg hjartans samd med både leiarskribenten i Dag og Tid og kommunekjennaren Andreas Hompland  når dei sist veke peikar på at det trengst opne  politiske prosessar i kommunar som vel å samarbeida. Den utviklinga vi har sett dei siste åra, med ein stadig større flora av selskap som innbyggjarane ikkje kjem på innsida av, er vel verd å gå nærare etter i saumane.

Kommunane vert stadig viktigare for innbyggjarane si velferd og for utviklinga av gode lokalsamfunn i by og bygd. Føresetnaden for at dei også framover er gode  demokratiske verkstader, er deltaking og innsyn.