Historisk arkiv

Feil frå Solberg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Nordlys 15.12.2009.

Høgre-leiar Erna Solberg tek feil i sitt forsøk på å korrigere påstandar i Nordlys om den raudgrøne kommunesatsinga.
 
Solberg hevdar at me berre satsa på kommunane i 2006.

Det stemmer ikkje. Kommunane har fått tilført meir pengar under den raudgrøne regjeringa og løyser no fleire oppgåver enn nokosinne.

Kalkulatorøkonomi
Solberg fokuserer einsidig på netto driftsresultat og kalkulatorøkonomi. Eg er oppteken av kor stor aktivitet kommunane finn rom for. Kor mange fleire menneske som no gir unge og eldre gode tenester. Her talar tala for seg.
 
Sidan me tok over er kommuneøkonomien til og med 2009 tilført nær 33,8 milliardar kroner.

Då Solberg satt med ansvaret for kommuneøkonomien, var veksten i samla inntekter i underkant av 20 milliardar kroner. Veksten i dei frie inntektene var knappe åtte milliardar kroner.

Fleire årsverk
Dei tre siste åra har talet på årsverk i kommunal sektor auka med mellom 30 000 og 35 000. Tilsvarande tal i førre stortingsperiode var mellom 5 000 og 10 000 årsverk.

Så blei 2008 eit spesielt år for mange kommunar. Stikkord er høg aktivitetsvekst, høgare kostnader enn fyrst tenkt og kurstap på finansielle investeringar.

Regjeringa har difor i løpet av 2009 auka dei frie inntektene til kommunesektoren samanlikna med opphavleg budsjett.

Også neste år legg regjeringa opp til ei satsing på lokal velferd med åtte milliardar. Vel halvparten kjem som vekst i frie inntekter.
 
Meir lokal velferd
Skule og eldreomsorg får eit løft. Satsinga gjev rom for 2500 nye omsorgsbustader og sjukeheimsplassar i 2010.

Dette utgjer ein skilnad for mange kommunar, sjølv om det framleis er naudsynt med tøffe prioriteringar.