Historisk arkiv

Feil om folketal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Bergens Tidende 30.03.2009.

Bergens Tidende tek feil når avisa i ein artikkel 27. mars hevdar at regjeringa og Senterpartiet ikkje har makta å gjera noko med sentraliseringa i Noreg. Avisa samanliknar tall frå 2004 og 2008 som døme på det. Det vert gale.

Med Senterpartiet i regjeringskontora er ei negativ utvikling i folketalet i distriktskommunane snudd til folkeauke i denne regjeringsperioden. I 2004 var det Høgre som styrte i mitt departement. Kva som fann stad då, skal ikkje eg svara for.

Det eg derimot gjerne svarar for, er tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). Dei syner at det i 2006 var ein nedgang i folketalet i distriktskommunane på 3200 personar. Det vart i 2008 snudd til ein folkeauke på 4600 personar. I denne snuoperasjonen har auka innvandring vore viktig, men også redusert innanlands flytting til meir sentrale strok er avgjerande bidrag. I 2008 opplevde 155 av landet sin 306 definerte distriktskommunar vokster i folketalet, mot 82 i 2006.

Regjeringa har sett i verk eit distriktspolitisk lyft for å sikra innbyggjarane reell fridom til å velje kvar dei ønskjer å bu. Differensiert arbeidsgivaravgift er gjeninnført, betra kommuneøkonomi og samferdselstilbod har og mykje å seia. Sjølv om tendensane no er positive mange stader, er utfordringane så store at regjeringa vil fortsetja med ein sterk og målretta innsats innan distrikts- og regionalpolitikken.