Historisk arkiv

Folk skal i hus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Aftenposten 26.03.2009.

Ein moderne bustadpolitikk skal både hjelpa dei som treng det mest, men også syta for at så mange som mogleg klarer seg sjølve på bustadmarknaden.

I Aftenposten 24. mars spør forskar Mary Ann Stamsø frå Statens institutt for forbruksforsking kvar det er blitt av bustadpolitikken.

Ein vil ikkje finna så mykje av dagens bustadpolitikk om ein leitar etter han med etterkrigstida sine briller. Tidene er endra. Landet er i stor grad blitt bygd. Vi står framfor andre utfordringar i dag. Til dømes har mange menneske ein trygg og god bustad samstundes som andre grupper slit.

Dei største utfordringane i bustadpolitikken gjeld dei som ikkje har eigen heim, som har utsett økonomi og som risikerer å mista heimen sin. Det gjeld også dei som slit med å etablera seg, og dei som ikkje har ein eigna heim å bu i. Desse må og skal vi hjelpa.

Mellom anna fordi dei som slit på bustadmarknaden ikkje får like godt innpass i naturlege aktivitetar i samfunnet. Det er alvorleg og det er uverdig. Difor er også er samd med Stamsø i at vi treng eit meir engasjert ordskifte om desse spørsmåla.

Eg er nøgd med det regjeringa har sett i verk for å styrka dei bustadsosiale verkemidla. Mellom anna vart ei ny bustøtte nyleg vedteken i Stortinget. I sanning eit historisk vedtak. Støtta skal gå til dei med låge inntekter og høge buutgifter. Heile 150 000 hushald vil koma inn under ordninga, 50 000 fleire enn i dag. Dei vil få om lag 2000 kroner i støtte per månad. Dette er ei av dei viktigaste satsingane i regjeringa sin kamp mot fattigdom.

Det største hinderet for at alle i dag har ein heim, er for få bustader i kommunane. Det er lange ventelister mange stader. I år har vi sett av midlar til 3 000 nye kommunale utleigebustader for vanskelegstilte. Den største satsinga på utleigebustader nokon gong! Til saman har vi gitt tilskot til etablering av meir enn 10 000 utleige-, student- og omsorgsbustader i stortingsperioden.
I fjor fekk 6 500 hushald startlån gjennom kommunane. Meir enn halvparten flytta frå leigd bustad og for første gang inn i sin eigen eigde heim.

Desse tiltaka er gode døme på ein moderne bustadpolitikk. Dette er å hjelpa menneske til å nå draumen om å eiga sin eigen bustad, og til å få enda fleire i hus.