Historisk arkiv

Folkevekst i distriktskommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 25.02.2009.

Ei negativ folketalsutvikling i distriktskommunar er snudd til folkevekst i denne regjeringsperioden. Det viser nye tal frå SSB. I 2006 var nedgangen i folketalet i distriktskommunane på 3200 personar. Dette vart i 2008 snudd til ein folkevekst på 4600 personar. I denne snuoperasjonen har auka innvandring hatt mykje å seia, men også redusert flytting i sentraliserande retning. I 2008 opplevde 155 av landet sine 306 definerte distriktskommunar vekst i folketalet. I 2006 var det tilsvarande talet 82 kommunar.

Regjeringa har gjennomført eit distriktspolitisk løft for å sikra folk reell fridom til å velja kvar dei ønskjer å bu. Gjeninnføring av differensiert arbeidsgjevaravgift, styrkt kommuneøkonomi og betra samferdsletilbod har hatt enormt mykje å seia. Sjølv om tendensane no er positive mange stader, er utfordringane så store at regjeringa vil halda fram med ein sterk og målretta innsats innan distrikts- og regionalpolitikken.