Historisk arkiv

Grensedebatt er avsporing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Troms Folkeblad 23.04.2009.

Kommunegrenser skal ein ikkje spøka med. Det tenkte eg då eg las leiaren i Troms Folkeblad 21. april. Eg vart nemleg ikkje så lite overraska over at avisa hevdar at eg vil ha fleire småkommunar. Det er nemleg feil.

La meg klargjera følgjande: I samband med presentasjonen av den nye stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken nyleg, spurde ein journalist om vi for å sikra gode tilbod til innbyggjarane, skreiv noko om kommunestruktur i meldinga. Svaret frå meg var nei, det gjer vi ikkje. Så la eg til, med eit glimt i auga, at det er i dei mindre kommunane innbyggjarane er mest nøgde med tenestene. Om vi skulle føreslå endra kommunestrukturen, burde vi i så tilfelle føreslå oppdeling.

Mitt utgangspunkt er enkelt.

  • Friviljug er basis for fastsetjing av kommunegrenser.
  • Dei mest nøgde innbyggjarane finn vi i mindre kommunar. 

La meg starta med kommunestrukturen. Avisa etterlyser ei konstruktiv og realistisk linje frå Senterpartiet i spørsmålet. Dei 430 kommunar vi har i dag er ikkje noko heilag tal.
Om vi i dag skulle delt inn landet, hadde truleg kommunegrensene sett annleis ut. No ligg dei der! Dei har vist seg å vera seige.

Samstundes er det ingen ting som hindrar Erna Solberg eller Siv Jensen sine ordførarar å ta initiativ til samanslåing. Senterpartiet tek på seg å vera garantist på eit punkt, folkeviljen skal høyrast og lyttast til. Friviljug er vår basis. Det er jo folket, innbyggjarane, ei kommunereform vil gjelda.

Det synest lett for både Høgre, Fr.P og no også for Venstre, å teikna nye kart frå Oslo. Ute i kommunane, andlet til andlet, synest dette vanskelegare. Kanskje er det fordi lokale folkevalde frå deira respektive parti eigentleg også vil lytta til folket?
 
Sjølv er eg overtydd om at kommunane har mykje å henta på meir systematisk samarbeid over dei grensene vi har. Difor skal vi leggja betre til rette for dette, mellom anna gjennom reglar for vertskommunar og samkommunar. Den komande samhandlingsreforma, der kommune og sjukehus skal samarbeida om eit betre helsetilbod, vil gje rikeleg høve til å finna gode løysingar.

Når det gjeld storleiken, veit vi at innbyggjarane i mindre kommunar er langt meir nøgde med oppvekstmiljøet for barn og ungdom og med tryggleiken når ein ferdast ute, enn i større kommunar. Innbyggjarane i dei minste kommunane er også langt meir tilfreds med kommunen når det gjeld ulike omsorgstilbod og miljøtiltak.

Valdeltakinga er høgare i små kommunar ved lokalval enn i dei store. Meir overraskande er det kanskje at valdeltakinga ved lokalval systematisk fell di større kommunen er. Det kan jo skuldast nærleiken mellom innbyggjarar og folkevalde i mindre kommunar.

Avisa kommenterer også utviklinga i folketalet i Midt-Troms-regionen. Biletet er noko meir nyansert. Regjeringa har i inneverande stortingsperiode ført ein kraftfull distrikts- og regionalpolitikk. Det har gitt resultat. Ikkje sidan byrjinga av 1980-talet har så mange distriktskommunar hatt vekst i folketalet.
 
Den distrikts- og regionalmeldinga eg la fram nyleg, slår fast at regjeringa sitt mål er at folk skal ha reell fridom til å velja kvar dei vil bu. Difor legg vi tilhøva til rette for vekst og utvikling i heile landet. Distrikt og lokalsamfunn skal få eit raust rom for handling.

Vi innrettar dei store politikkområda, som kommuneøkonomi, samferdsle, utdanning, helsetenester og forvaltningsplanar for fisk og havbruk etter dette.

I tillegg kjem vi med ei rekkje nye tiltak. Desse er mellom anna breiare breiband, betre kompetanse på lokal samfunnsutvikling, program for auka bulyst og auka satsing på entreprenørskap.

Dette er ein meny av moglegheiter, for dei som vil og torer. Korkje kommune- eller fylkesgrenser står i vegen for at vekstkrafta framleis skal koma nedanfrå.