Historisk arkiv

Grip dagen! Sjå moglegheitene!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 28.01.2009.

Det største hinderet for at alle i dag har ein heim, er at kommunane har for få bustader. Det er lange ventelister i mange kommunar.

Riksrevisjonen har i ein eigen rapport peika på at kommunane disponerer for få bustader i forhold til behovet til for bustader til bustadlause, rusmiddelmisbrukarar, personar med psykiske lidingar og andre vanskelegstilte. 2008-budsjettet gav rom for 700 bustader. I 2009 intensiverer vi innsatsen. Statsbudsjettet for 2009 inneheld tilskot til 1500 bustader.

I tiltakspakken frå 26. januar doblar vi til 3000. Eit unikt høve til å få folk i hus!

Eg ber kommunar og friviljuge organisasjonar  særleg vera merksam på at medan det ordinære tilskotet gjennomsnittleg er på 20 %, kan det ytast opp til 40 % til bustadprosjekt som gjeld bustadlause og andre personar som krev eit heilskapleg hjelpeapparat.

Tilskotet kan nyttast til etablering av nye bustader og opprusting av eksisterande. Eg seier så sterkt eg kan: Carpe diem! Grip dagen! Sjå moglegheitene! 

Lat meg også minna om lånerammene i Husbanken. Statsbudsjettet for 2009 inneheld ei ramme på 12 mrd. kroner. I tiltakspakken ligg ytterlegare 2 mrd. Ramma er no 14 mrd.

Startlånet har fått sin renessanse. Dette lånet som kan gi grunn-eller toppfinansiering til den som har problem med å få fullfinansiering i ein privat bank. Dette lånet som er meir aktuelt enn nokon gong fordi det også kan nyttast til refinansiering. Kommunane kan låna så mykje Startlån dei vil for vidare utlån. All ære til Lørenskog og andre som no trør ekstra til , utvidar lånerammene sine, ser den einskilde ungdom og vanskelegstilte! Og til Asker, som ved aktiv bruk av Startlånet har frigjort kommunale utleigebustader.til bustadlause og andre vanskelegstilte. Det er plass for eit sterkare engasjement hos fleire!!

Frå 1. juli 2009 innfører vi ei ny og betra bustøtte. 50 000 husstandar, i tillegg til dagens ca. 100 000 er venta inn i ordninga.

Ei betra bustøtte, fleire utleigebustader, større interesse for Startlån.

Eg seier det ein gong til: GRIP DAGEN, ei unik moglegheit ligg framføre!!