Historisk arkiv

Grunnlag for desentralisert skulestruktur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Bergens Tidende 04.12.2009.

Bergens Tidende har dei siste dagane satt søkelys på skulestruktur. Det er bra med eit bredt ordskifte om temaet.

I fleire kommunar står nedlegging av grendeskular på dagsorden i desse dagar. Nokre stader kjem debatten haust etter haust i samband med rådmannen sitt framlegg til budsjett for neste år. Det skapar ikkje tryggleik for dei som bur i skulekrinsane.

Å endre skulestrukturen er noko lokalpolitikarane avgjer. Min jobb som kommunalminister er å sikre at kommunane har gode rammer for å gi innbyggjarane eit godt tilbod. Nokre stader kan det kanskje vere riktig å leggje ned ein skule – ein skule kan bli for liten til å gi eit godt pedagogisk tilbod.

Men mange stader er grendeskulen sjølve hjartet i bygda. Det vil ramme lokalsamfunnet hardt om skulen forsvinn. I tillegg kan elevane få ein for lang veg til skulen. Det må vere ei grense for kor langt born skal vere nøydde til å reise for å gå på skule. Det er lagt ned om lag 100 skular under den raud-grøne regjeringa. Det er ein del færre enn under førre regjering. Det høyrer og med til historia at elevtalet i perioden 2001-2005 gjekk opp med over 16 000, medan talet har gått ned med over 6000 dei siste fire åra.

Eg meiner regjeringa har lagt eit godt økonomisk grunnlag for at kommunane kan oppretthalda ein desentralisert skulestruktur om dei ynskjer det. Kommunane har fått 41 milliardar kroner meir å rutte med etter at vi tok over. Kommunar skal kunne velje å leggje ned skular – men kommunar skal ikkje tvingast til å leggje ned skoler.

Det må være kvaliteten i skulen som avgjer skulestrukturen. Om lokalpolitikarane ikkje ynskjer debatt om skulestrukturen år etter år må politikarane gi rådmannen klår beskjed om å finne andre stader å spare. Får kommunesektoren ned sjukefråveret til dømes, er det milliardbeløp å spare. Energieffektivisering kan òg gi opptil ein milliard kroner i lågare straumrekning for kommunane.

Når kommunane legg ned skuler, får fylkeskommunen ei auka rekning for skuleskyss. I mange tilfelle vil det vere marginalt for det offentlege å spare på skulenedleggingar – fordi skuleskyssutgiftene aukar og det kan bli oppretta privatskule i staden som gjer at kommunane mister inntekter. Eg meiner det er viktig å få fram meir kunnskap om heile regnestykka.

Det er lokalt ein veit best korleis skulestrukturen bør vere. Vetet er likt fordelt i dette landet. Men lokalpolitikarane må ha ein god dialog med innbyggjarane og finne framtidsretta løysingar som gjer at borna får eit best mogleg tilbod.