Historisk arkiv

Imponerende satsing i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Nationen 20.03.2009.

Nationen omtalte nyleg dei ferske rekneskapstala for kommunane under overskrifta ”Stadig dårligere balanse etter 2006”. Ser vi bak overskrifta, syner tala at kommunane har nytta auka inntekter dei seinaste åra til beste for innbyggjarane. Under den raudgrøne regjeringa har det vorte langt fleire tilsette på skular, i barnehagar og innanfor helse og omsorg.

Innsatsen til lokalpolitikarane har gjort inntrykk på meg som ansvarleg statsråd for kommunane. Det gjer godt å sjå at dei over 30 milliardar kronene som regjeringa har løyvd ekstra sidan 2006, har gjeve resultat. Det er slik samspelet mellom lokale og nasjonale styresmakter skal vera. Dei langsiktige politiske måla vert sette av partia, Stortinget og regjeringa mens velferda vert utvikla av dei lokale tillitsvalde.

Det er difor 34 nye barn kvar dag har fått barnehageplass etter at denne regjeringa tok over. Det er difor det har vorte fleire lærarar per elev i grunnskulen, og det er difor målet om 10 000 nye årsverk innan pleie- og omsorgssektoren er meir enn oppfylt. For innbyggjarane vert det fleire og betre tenester med ein slik vekst.

Eg skal vera den første til å erkjenna at 2008 vart eit krevjande år for kommunane. Kommunane fekk mindre for pengane enn venta. Kommunebudsjetta vert vedtekne i desember året før, under gjevne føresetnader. I 2008 vart kostnadene langt høgare enn både regjeringa, Stortinget og kommunane la til grunn. I tillegg slo finanskrisa inn også i kommunane. Slik oppstod det ein økonomisk ubalanse.

Heldigvis har vi eit budsjett for 2009 med auka overføringar, mellom anna med meir pengar som kommunane sjølve kan styre over. Vi har også høg merksemd på korleis den økonomiske utviklinga vil vera framover. Eit uroleg farvatn får oss ikkje til å seinka ambisjonane på vegne av den lokale velferda. Det er i tider som no at vi må hegna om ein sterk kommunesektor.