Historisk arkiv

Kommunal velferd på rett veg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Gjengangeren 24.04.2009.

Kommunane får i 2009 meir pengar, også pengar dei sjølve kan styra over. Det gjer det mogleg både å konsolidera situasjonen etter eit krevjande 2008 og få til ny vekst.

Gjengangeren sin leiar torsdag 23. april vert difor for unyansert i si skildring av kommuneøkonomien. Det vert også feil når avisa skriv at dei 30 milliardar ekstra kronene som kommunane har fått til velferd og betre tenestetilbod under den raudgrøne regjeringa, gjer mindre inntrykk på veljarane enn utgifter som stig raskare enn inntekter.

Det er veksten i overføringar som har gjeve barnehageplass til 34 nye barn kvar dag, fleire lærarar per elev i grunnskulen og meir enn dei 10 000 nye årsverk innan pleie- og omsorgssektoren som den raudgrøne regjeringa lova. Fleire eldre menneske har fått einerom og fleire har fått heimetenester.

Lokale folkevalde har lagt ned ein innsats som gjer inntrykk på meg som ansvarleg statsråd for kommunane. Det er slik samspelet mellom lokale og nasjonale styresmakter skal vera. Dei langsiktige politiske måla vert sette av partia, Stortinget og regjeringa. Dei lokale folkevalde og dei kommunale medarbeidarane skaper praktiske løysingar for god kommunal velferd.

Samstundes vart 2008 eit krevjande år for kommunane. Kommunebudsjetta vart vedtekne i desember året før, under gjevne føresetnader. I 2008 vart kostnadene langt høgare enn både regjeringa, Stortinget og kommunane la til grunn. I tillegg slo finanskrisa inn også i kommunane. Slik oppstod det ein økonomisk ubalanse. Det gir sjølvsagt utfordringar vidare.

Heldigvis har vi eit budsjett for 2009 med auka overføringar, mellom anna med meir pengar som kommunane sjølve kan styra over. Regjeringa legg opp til ein merkbar vekst i inntektene i 2009, 8,5 milliardar kroner meir. Det gjer det mogleg både å konsolidera situasjonen og få til ny satsing. 
 
Leiaren kjem også inn på arbeidet med den nye samhandlingsreforma og kommunestruktur. Eg er overtydd om at kommunane har mykje å henta på meir systematisk samarbeid over dei grensene vi har. Difor skal vi leggja betre til rette for dette, mellom anna gjennom reglar for vertskommunar og samkommunar. Den komande samhandlingsreforma, der kommune og sjukehus skal samarbeida om eit betre helsetilbod, vil gje rikeleg høve til å finna gode og meir effektive løysingar.