Historisk arkiv

Kommunane får meir

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Ringerikes Blad 05.06.2009.

Olav Bjotveit kjem med kraftige skuldingar mot meg i eit innlegg her i avisa i samband med den økonomiske situasjonen i Ringerike kommune. Eg er sjølvsagt audmjuk i høve til den situasjonen fleire einskildkommunar opplever. Det er framleis uløyste oppgåver. Men det vert meiningslaust å skulda meg for løgn når eg snakkar om utviklinga i kommuneøkonomien for heile landet.

Faktum er at med det opplegget som regjeringa la fram i revidert nasjonalbudsjett vert dei samla inntektene i kommunesektoren i denne stortingsperioden auka med rett i underkant av 32 milliardar kroner. Tilsvarande tal under den førre regjeringa var 19,6 milliardar kroner.

For ordens skuld: Desse tala er korrigerte for kostnadsveksten, for overføringar av oppgåver mellom kommune og stat og for nye, pålagde oppgåver. Korrigering for demografi er ikkje teke omsyn til, men elles er desse tala direkte samanliknbare.

Den økonomiske verksemda i kommunesektoren vert i første rekkje styrt gjennom dei inntektsrammene som Stortinget fastset. Med desse inntektene skal kommunesektoren utføra oppgåvene sine og sørgja for gode velferdstenester til innbyggjarane.

Dei tre siste åra har talet på årsverk i kommunal sektor auka med på mellom 30 000 og 35 000. Tilsvarande tal i førre stortingsperiode var mellom 5 000 og 10 000 årsverk.
Difor held eg fast på at budsjetta dei siste åra har gjeve høve til å styrka tenestene .

Korleis Ringerike kommune handterar økonomien sin og drifta si kan likevel ikkje Kommunal- og regionaldepartementet styra.

Det er likevel verdt å merka seg at Ringerike kommune sidan 2006 har hatt ein reell vekst i inntektene sine på i underkant av 40 millionar kroner, som utgjer 4,6 prosent. Det er noko lågare enn den gjennomsnittlege veksten i landet. I tillegg  vil kommunen sine inntekter i 2009 auka med ytterlegare 5,8 millionar kroner med regjeringa sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett.

I regjeringa sitt opplegg for 2010 ligg det til grunn ein vekst i dei frie inntektene til Ringerike kommune på 14,2 millionar kroner. Ringerike kommune har skatteinntekter som er lågare enn gjennomsnittet i landet, og dreg derfor nytte av endringar i inntektsutjamninga og at skatten sin del av dei frie inntektene er redusert i denne stortingsperioden. 

Vi har eit sterkt lokaldemokrati i dette landet. Det er folkevalde i den einskilde kommunen si oppgåve å sørgja for at det er samsvar mellom utgifter og inntekter.