Historisk arkiv

Kommunane har fått det betre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Fjordane Tidende 24.03.2009.

Det må stå skralt til med reknekunnskapen hos Høgre sin fylkesleiar Bjørn Lødemel når han i eit innlegg her i avisa måndag 23. mars hevdar at kommuneøkonomien no er verre stilt enn under Høgre sin kommunalminister.

Under den raudgrøne regjeringa er det løyvd over 30 milliardar kroner ekstra til kommunal velferd. Det har gjort at 34 nye barn kvar dag har fått barnehageplass etter at denne regjeringa tok over. Det har vorte fleire lærarar per elev i grunnskulen og målet om 10 000 nye årsverk innan pleie- og omsorgssektoren er meir enn oppfylt.

For innbyggjarane har det med andre ord vorte fleire og betre tenester med raudgrønt styre og Senterpartiet i leiinga av Kommunal- og regionaldepartementet. Lødemel snakkar om ein illusjon som brast. Eg tenkjer heller på at ein draum har vorte til sanning.

Innsatsen til lokale folkevalde har gjort inntrykk på meg som ansvarleg statsråd for kommunane. Det er slik samspelet mellom lokale og nasjonale styresmakter skal vera. Dei langsiktige politiske måla vert sette av partia, Stortinget og regjeringa. Velferda vert utvikla av dei lokale tillitsvalde.

Eg skal vera den første til å erkjenna at 2008 vart eit krevjande år for kommunane. Kommunane fekk mindre for pengane enn venta. Kommunebudsjetta vert vedtekne i desember året før, under gjevne føresetnader. I 2008 vart kostnadene langt høgare enn både regjeringa, Stortinget og kommunane la til grunn. I tillegg slo finanskrisa inn også i kommunane. Slik oppstod det ein økonomisk ubalanse.

Heldigvis har vi eit budsjett for 2009 med auka overføringar, mellom anna med meir pengar som kommunane sjølve kan styra over. Vi har også høg merksemd på korleis den økonomiske utviklinga vil vera framover. Eit uroleg farvatn får oss ikkje til å seinka ambisjonane på vegne av den lokale velferda.