Historisk arkiv

Lokk kvinnene til topps

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Haugesunds Avis 18.03.2009.

Det er etter kvart fleire kvinner i lokalpolitikken, men få av dei leiar utval. Det er synd fordi vi treng den kvinnelige klokskapen når velferda skal forvaltast og utviklast. Kommunar og parti må derfor utvikla nye strategiar for å hanka inn dugelege kvinnfolk.

Sjølv hadde eg god nytte av å prøva meg som leiar på den lokalpolitiske arenaen på Hjelmeland før det vart rikspolitikk med arbeid på Stortinget og no i regjering. Her fikk eg høve til å veksa med oppgåvene, bryna meg på nye utfordringar, og etter kvart ta meir ansvar. Å få oppleva at ein har innverknad, gir politisk meirsmak!

Dette er poeng dei 100 lokalpolitikarane som i byrjinga av mai samlast i Haugesund og Karmøy, snøgt vil sjå og vera samde i. Dei deltek på konferansen: Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken. Dette er tredje gongen folkevalde frå heile landet samlast for å diskutera kvinnerepresentasjon i lokalt styre og stell – spesielt i leiarverva.

Det trengst! For sjølv om reglar for kjønnsfordeling i lokalpolitiske organ har hatt ein klår effekt, er det framleis for få kvinner i leiarverva. Mens dei fleste utval, styre og råd no har 40 prosent kvinner, er det berre 23 prosent kvinner i leiarverv. Tala er frå ei fersk kartlegging som Rokkansenteret har laga på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Har vi 40 prosent kvinner i utval og styre, så skulle det vera nok kvinner å ta av. Dei lokale partia må tenkja nytt når dei skal rekruttera. Spør dei personar utanfor dei kjende krinsane? Legg dei forholda til rette for at kvinner i ein hektisk livssituasjon med familie og arbeid skal rekka å engasjera seg i lokal politikk? Eg tenkjer mellom anna på praktiske forhold som mengda med dokument og møtetider som må haldast punktleg.

Dei friviljuge organisasjonane - som husmorlag, sanitetsforeiningar og sjømannsforeiningar, har gjennom historia hatt mange viktige oppgåver. Her har kvinnene dominert. I dag har kommunane teke over mange av dei velferdsoppgåvene som desse friviljuge organisasjonane fyrst tok seg av. Då må vi kvinner flytta etter – inn i lokalpolitikken.

Kommunane får også fleire og større oppgåver å hanskast med framover. Storleiken veks på organisasjonane som politikarane skal leia, medan talet på lokalpolitikarar har gått ned. No arbeider eg med den nye samhandlingsreforma saman med Bjarne Håkon Hanssen. Meininga er å gjera helsetenestene betre og meir tilgjengelege i lokalsamfunna. Kommunane vil få ei sentral rolle i dette velferdsløftet. Er ikkje dette spørsmål som engasjerer kvinner like mykje som menn? Eg vil tru at vi kvinner har mykje viktig erfaring som kan koma godt med i dette arbeidet.

Partia lokalt må vitaliserast og gjerast meir attraktive for politisk interesserte i alle aldrar og livsfasar. Medlemsmassen er aldrande og vert mindre. Og berre fire av 10 partimedlemmer er kvinner. Det tyder på at rekrutteringa har stoppa opp og at partia ikkje er attraktive for samfunnsinteresserte menneske.

Paradokset er at det likevel er mange kvinner som kunne tenkja seg å verta politisk aktive – men dei vert aldri spurde. Eller dei tar ikkje attval etter fire år, når dei verkeleg kunne ha gleda av å sitja som leiar av kommunale utval.

Slike leiarverva gir verdifull erfaring. Som leiar vert ein også meir synleg og får visa seg fram som politikar og markera synspunkt. For min eigen del er eg glad for at eg fekk høve til å drive lokal politikk før eg hamna i rikspolitikken.

Samfunnet treng den politiske dugnaden meir enn nokon gong. Mi oppfordring til dei som legg den lokalpolitiske kabalen er difor å lokka kvinnene til topps. Og til mine medsøstre - ta på deg leiarverv når du no blir spurd!