Historisk arkiv

Meir sosial bustadpolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Hamar Arbeiderblad 22.04.2009.

Ungdom har fått betre moglegheit til å etablera seg på bustadmarknaden under den raudgrøne regjeringa.

Fagforbundet  Hedmark sine ungdommar er urolege for dei unge sin posisjon på bustadmarknaden. Det er godt at dei unge stiller krav til samfunnet, slik dei gjer i eit innlegg her i avisa 21. april.

Eg kan forsikra om at den raudgrøne regjeringa er opptatt av bustadpolitikken. Ein meir sosial politikk på dette området er ikkje ein fjern ønskedraum. Vi arbeider med det kvar dag. Nokre resultat har det også vorte.

Regjeringa har som mål at flest mogleg av dei som ønskjer det skal kunna skaffa seg ein eigen eigd bustad. I dette arbeidet står ordninga med startlån heilt sentralt.
Husbanken har mellom anna fått større musklar. Låneramma er auka med to milliardar kroner, frå 12 til 14 milliardar. Innanfor denne ramma har startlån førsteprioritet. Det skal altså ikkje stå på lånemidlar frå staten når unge menneske freistar å få seg eigen bustad,
Nesten alle kommunar kan i dag tilby startlån. Det viktigaste er likevel at ordninga blir nytta effektivt i det bustadsosiale arbeidet.  I tillegg er eit godt samarbeid med private banker viktig. Målet må vera å finna den beste løysinga for lånetakaren.

Vi har også fått på plass ei ny bustøtte. Om lag 50 000 fleire vanskelegstilte husstandar vil frå 1. juli ga høve til å setja nøkkelen i døra inn til en tryggare heim. Det inneber at ordninga vil famna 150 000 husstandar. Dei nye som kjem til er rundt 10 000 nye barnefamiliar og 40 000 åleinebuande og par utan barn. Styrkinga av bustøtta vil vera til stor hjelp for unge og andre med svak økonomi som skal etablera seg i eigen bustad. Dei som slit med høge husleiger og dyre renter på bustadlån, vil også kunna få det lettare. Denne betringa bør vera i kommunane si interesse når dei vurderer å etablera fleire utleigebustader.

Det største hinderet for at alle i dag har ein heim, er at kommunane disponerer for få bustader . Det er lange ventelister mange stader. I år har vi sett av midlar til 3 000 nye kommunale utleigebustader for vanskelegstilte. Dette er den største satsinga på utleigebustader nokon gong! Til saman har vi gitt tilskot til etablering av meir enn 10 000 utleige-, student- og omsorgsbustader i stortingsperioden.

I fjor fekk 6 500 hushald startlån gjennom kommunane. Meir enn halvparten flytta frå leigd bustad og for første gang inn i sin eigen eigde heim. Kvar tredje som fekk lån var under 35 år.

Desse tiltaka er gode døme på ein moderne bustadpolitikk. Dette er å hjelpa unge menneske til å nå draumen om å eiga sin eigen bustad, og til å få enda fleire i hus.