Historisk arkiv

Samhandling for helsa si skuld

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Haugesunds Avis 25.06.2009.

Forsterka sjukeheimar var tema då senterpartilaga i Nordfylket sette kvarandre stemne på Tysværtunet for to år sidan. Nokre av oss hadde og same dagen eit svært interessant besøk på Haugesund sjukehus.

Mykje har hendt sidan sist. Sjølv har eg hatt gleda av å samarbeida med helse- og omsorgsministeren om stortingsmeldinga om samhandling som regjeringa presenterte den 19. juni.

Helse Fonna har vore tidleg ute. Dei har over tid utvikla  eit tettare forhold til kommunane. Sauda har fått midlar til nok ein gong å drøfta innhaldet i Sauda Helsehus. Mange på Haugalandet har lenge vore opptekne av korleis vi kan få til fleire, betre og tidlegare helsetenester. Med samhandlingsreforma er vi eit langt steg vidare.

Meiner du samhandling høyrest keisamt og byråkratisk ut? Det skjønar eg. Men det er ikkje slik! Bak det lange ordet finn vi omfattande planar for å reformera norsk helsevesen. Det er eit prosjekt som framtidige folkevalde ikkje kan leggja i skuffa. Veljarane kan heller ikkje stilla seg likesæle til det.

Eg vonar bodskapen frå pressekonferansen i Oslo når langt ut over mediakrinsane i hovudstaden. Eg skulle gjerne sett at debatten gjekk meir om korleis vi skal få dette til lokalt framfor alt sommarsnakket  om kven som skal regjera med kven etter valet.

Vi veit at fleire vert gamle, fleire vert sjuke og treng hjelp over lang tid og at fleire sjukdommar kan  handsamast med ny teknologi og dersom den einskilde vert teken hand om tidlegare.

Vi veit at samfunnet, det vil seia kommunar, stat og den einskilde innbyggjar, slit med utfordringar og kostnader på grunn av livsstilssjukdommar.

Difor tenkjer vi nytt langs to linjer. Vi skal satsa langt meir på førebygging for å unngå at folk vert sjuke, og vi skal syta for at det vil løna seg for kommunar og sjukehus å samarbeida. Kommunane skal få ein større økonomisk vinst når dei satsar på førebygging.

Som fleire har peika på, så er dette først og fremst ei kommunehelsereform. For meg som kommunalminister, er det avgjerande at kommunane vert sette i stand til å gjennomføra reforma på ein god måte.

Kommunane treng flinke og dugelege medarbeidarar, og dei treng økonomiske ressursar for å gjennomføra nye og pålagde oppgåver.

Ei rekkje kommunar må også samarbeida betre og meir omfattande for å løysa dei nye oppgåvene. Det trur eg skal gå bra. Kommunane har lang erfaring med samarbeid. Dei vil sjølve sikra gode løysingar med rom for lokale tilpassingar. Kommunane kjenner eigen kommune og eigne innbyggjarar best.

Reforma  skal etter planen vera klar i 2012. Mykje må utgreiast nærare før den tid.

I samband med stortingsmeldinga har fleire tatt til orde for omfattande samanslåingar av kommunar. Det er ikkje grensene mellom kommunane som er problemet for pasientar og pårørande i helse-Noreg. Det er grensene mellom den lokale helsetenesta og sjukehusa som vert den store utfordringa framover.

Eg har denne våren vore både i Danmark og Finland. Der fekk eg høyra meir om kva som skjer når tvang og sterke statlege føringar vert nytta overfor kommunane.

Etter desse vitjingane er eg styrkt i trua på at friviljuge løysingar er dei beste.

Noreg er eit mangfaldig land. Folk bur der dei bur. Det krev eit mangfald av løysingar. Som medlemmer av  regjeringa eller Stortinget skal vi ha ambisjonar på vegner av kommunane. Vi skal samstundes vera medvitne om at vi ikkje kan oppheva norsk geografi eller folkesamansetjinga  i dei ulike kommunane.

Ønskjer innbyggjarane ei samanslutning med andre kommunar, ja, då har dei mi støtte. Men friviljugheit må altså vera grunnlaget.

Eg trur ikkje, i motsetnad til Venstre og Høgre, at tvang er vegen å gå. Fleire parti er uklåre her. Senterpartiet tek mål av seg til å vera garantisten for at den lokale folkeviljen framleis vert høyrt! Vi tek også mål av oss til å sikra gode prosessar og naudsynte avvegingar slik at vi gjennom eit fortsatt raudgrønt samarbeid verkeleg får til ei helseteneste som inneber rett handsaming på rett stad til rett tid!