Historisk arkiv

Landsomfattende kontroller av bygge- og anleggsbransjen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg av kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa hos Statens forurensningstilsyn 5. juni 2009.

Avfallsplanar skal inn i den nye plan- og bygningslova
Byggjebransjen er ei av dei største næringane i Noreg. Verksemda deira har påverka miljøet i fleire år, når dei byggjer nytt, eller riv gammalt og dermed produserer avfall. Avfallshandtering og miljøsanering er viktig for å forvalta miljøet godt. Mindre byggavfall, forsvarleg handtering av avfall og mindre bruk av helse og miljøfarlege stoff bidreg til dette.

Avfallsplanar skal no inn i bygningsdelen i den nye plan- og bygningslova som trer i kraft i 2010. Når avfallsplanane no vert forankra i bygningsdelen, kjem prosessen nærare byggjesaka og søknadspliktige tiltak. Dermed vert òg avfallshandteringa gjenstand for sakshandsaming, ansvar og kontroll. Der byggjesaka startar med ein konferanse på førehand kan kommunen informere om krav til miljø og avfallshandtering tidlig i prosessen.

Kommunalt tilsyn med avfallsplanar og miljøsanering i 2010
For å sikra at føretaka følgjer opp det nye regelverket, vil kommunalt tilsyn med avfallshandtering vera aktuelt allereie i 2010. Fleire kommunar har allereie innført krav om avfallsplanar. Oslo har til dømes hatt krav om avfallsplanar i fleire år, og har òg erfaringar med tilsyn. Eg håpar at kommunalt tilsyn med avfallsplanar og miljøsanering vil minska næringa sitt press på miljøet.
Kommunalt tilsyn skal  og leggja eit grunnlag for godt samarbeid mellom kommunar og næring for å redusera mengda byggavfall, sikra forvarleg handtrering av avfall og minska bruken av helse og miljøfarlege stoff.

Regjeringa vil stoppe bruk og utslipp av enkelte miljøgifter innan 2020
Høringsforslaget til ny TEK kjem om kort tid. Forslaget tek til orde for å velja byggjevarer med så lågt innehald av alvorlege helse- eller miljøskadelege stoff som mogeleg.

Mange materialar som vert nytta i byggjeprosjekt har negative konsekvensar for miljøet. Ofte blir helse- og miljøskadelege effektar av vanleg brukte kjemikaliar oppdaga først lenge i etterkant. Døme på dette er asbest, PCB og bromerte flammehemmarar. Opprydding av slik historisk forureining er svært kostbart i ettertid. Unngår vi bruk av byggjevarer som inneheld kjente helse- og miljøskadelege stoff, kan det gi vesentleg lågare miljøkostnader i framtida. Regjeringa har som mål å få til mindre bruk og utslipp av enkelte miljøgifter og stoggaa utsleppa innan 2020.

Regjeringa (MD) har derfor oppnemnt eit utval som skal lansera konkrete tiltak for å fasa ut miljøgifter som mellom anna gjeld bustad- og byggsektoren. Utredninga skal vera ferdig i 2010, og eg vil følgja opp utredninga om utfasing av miljøgifter i bustad- og byggsektoren. Dette kan til dømes innebera merkeplikt for byggjevarer med helse- og miljøskadelege stoff. Det vil òg innebera at det blir naudsynt å stimulera til auka bruk av meir miljøvennlige materialar og produkt. Derfor vil regjeringa støtte utvikling og spreiing av informasjon som sikrar auka bruk av miljøvennlige materialar. KRD har gjennom sine underliggjande etatar mellom anna støtta ECOproduct, ein metodikk og eit verkty for miljøinformasjon om byggprodukt. Verktyet gjer det mogleg å velja miljøvennlige produkt.


Kontrollerer byggebransjen: SFTs aksjonsleder Qno Lundkvist viser kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa en PCB-kondensator under åpningen av kontrollaksjonen. Foto: Jon Fonnlid Larsen, SFT.