Historisk arkiv

Svelteforing? Det var før det, ikkje no!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Fjordingen 05.08.2009.

Kommunane har fått tilført meir pengar under den raudgrøne regjeringa og løyser no fleire oppgåver enn nokonsinne. Det vert difor feil når Svein Ottar Sandal frå Kristelig Folkeparti her i avisa hevdar at kommunesektoren vert sveltefora.

I perioden 2005-2009 har dei samla inntektene til kommunane vakse med om lag 32 milliardar kroner. Dei frie inntektene er auka med om lag 15,2 milliardar kroner. Dette er reell vekst, det vil seia at tala er korrigerte for faktisk kostnadsvekst og for endringar i oppgåver. Med nye oppgåver fylgjer det altså nye pengar.

I førre periode, då Kristelig Folkeparti leia regjeringa, var veksten i samla inntekter i underkant av 20 milliardar kroner, mens veksten i dei frie inntektene bare var på knappe åtte milliardar kroner.

Korrigering for endring i folkesamansetning er ikkje teke omsyn til, men elles er desse tala direkte samanliknbare.

Kommunane har levert. Dei tre siste åra har talet på årsverk i kommunal sektor auka med på mellom 30 000 og 35 000. Tilsvarande tal i førre stortingsperiode var mellom 5 000 og 10 000 årsverk.

Eg stussar difor over svara i Nationens sitt distriktsbarometer, som Sandal refererer til. Vi er nær målet om full barnehagedekning. Kvar dag sidan denne regjeringa tok til med arbeidet, har 35 fleire barn fått plass i barnehage. Målsetjinga i Soria Moria-erklæringa om 10 000 nye årsverk i pleie- og omsorgssektoren er oppfylt med god margin.

Dette utgjer ein skilnad for tilbodet som kommunane gir innbyggjarane.

2008 var eit spesielt år for mange kommunar. Høg aktivitetsvekst, høgare kostnader enn fyrst tenkt, i hovudsak eit dyrare lønnsoppgjer, samt kurstap på finansielle investeringar har medført at kommunesektoren har stram økonomi. Vi finn også mange kommunar som har nedgang i folketalet. Regjeringa er audmjuk i høve til den situasjonen mange kommunar har kome opp i.

Regjeringa har difor i løpet av 2009 auka dei frie inntektene til kommunesektoren med 2,5 milliardar kroner samanlikna med opphavleg budsjett 2009. Dette vil hjelpa på den økonomiske situasjonen i kommunane allereie inneverande år. Det vil også gi rom for ytterligare auka aktivitet i mange kommunar. For kommunane i Sogn og Fjordane utgjer dette om lag 60 millionar kroner. Eit særs godt kommuneopplegg for 2010 vil betra dei økonomiske utsiktene og gi rom for betre tenester til innbyggjarane.

Eg er samd med Svein Ottar Sandal på eit punkt, veljarane er ikkje dumme. Mange hugsar enno svelteforinga under Bondevik 2. Eg vonar den raudgrøne regjeringa, som lovar fortsatt styrking av kommuneøkonomien, får fornya tillit.