Historisk arkiv

Sviktar ikkje leigebuarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Klassekampen 30.11.2009.

10 år etter at Stortinget vedtok å avvikle lova om husleigeregulering, har regjeringa fått på plass ei romsleg ordning for dei som har hatt særs låg leie. Det er ikkje å svikte leigebuarane, slik SVs Reza Rezaee hevdar i Klassekampen måndag.

Forstår uroa
Eg forstår at fleire av dei som har budd i leilegheiter med låg leie kjenner uro over framtida for det som har vore deira bustad. La oss likevel ikkje gløyme at sjølve vedtaket om å oppheve reguleringa av husleiga vart gjort for ti år sidan. Bebuarane har såleis visst om dette i mange år. Likevel klarer ikkje alle å handtere gjengs leige.

Eg er difor nøgd med at departementet og Oslo kommune har fått på plass ei behovsprøvd ordning for dei som slit mest. I tillegg kan dei også få hjelp frå statleg og kommunal bustøtte.

Tilskot skal hjelpe
Tilskotsordninga skal hindra at eldre personar og andre med meir enn 20 års butid i dei regulerte bustadene blir tvinga til å flytte når husleigene aukar.

Etter at tilskottet er betalt skal ordninga sikre at einslige har igjen 7000 kroner, mens eit par skal sitja igjen med 11 000 kroner.

For familiar med tre eller fleire medlemmer, blir det gjeve ytterligare 2500 kroner ekstra per person.

Det blir også gjeve kompensasjon til oppvarming på 500 kroner pr månad.

Det blir ikkje gjeve tilskott til den delen av leige som er større enn 14 500 kroner pr månad.

Romsleg
Dette er ei av det mest romslege ordningane vi har etablert på lenge. I den ordinære bustøtteordninga, som kan være aktuell for andre leigetakarar, har Oslo ei øvre grense for buutgifter på 6750 kroner pr månad.

Det vil seie at øvre grense i denne ordninga er heile 7750 kroner høgare enn i bustøtteordninga.

Fordi dette tilskottet ikkje vil hjelpe alle, vil vi i tida som kjem vere opptatt av å nytta dei låne- og tilskottsordningane som allereie fins. Her har Oslo kommune sagt dei vil ta ansvar.