Historisk arkiv

Ungt entreprenørskap i heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 20.01.2009.

Nyleg vitja eg Apalløkka skole i Oslo. 13 elevgrupper konkurrerte om eit oppdrag frå Den Norske Turistforening. Målet var å utvikla eit produkt eller ei teneste som kunne medverka til at fleire unge nytta seg av turistforeninga sine tilbod. Opplegget var eit samarbeidsprosjekt med Ungt Entreprenørskap.

Det var ei stor oppleving å registrera den kreativitet og det engasjementet som desse ungdomsskuleelevane viste. Eg er ikkje i tvil om at dei har med seg erfaringar som kan syna seg i grunderverksemd seinare. 
 
Ungt Entreprenørskap er ein organisasjon som fortener stor merksemd for svært verdfulle aktivitetar over heile landet.  Organisasjonen får støtte frå Kommunal- og regionaldepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, så vel som frå fleire private aktørar. Midla som vert løyvde kjem heile landet til gode. Organisasjonen har lokalkontor i alle fylke, der dei tilsette mellom anna arbeider for å få undervisning i entreprenørskap inn på fleire skular. Eg meiner at Ungt Entreprenørskap er ein svært viktig organisasjon for å styrkja entreprenørskapskulturen i heile landet og er svært nøgd med at vi i KRD har funne rom for å auka tilskotet frå 6 millionar kroner i 2008 til 8 mill. i 2009.