Historisk arkiv

Utan nyansar om kommunøkonomi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Sunnmørsposten 26.03.2009.

Sunnmørsposten omtalte nyleg på leiarplass dei ferske rekneskapstala for kommunane under overskrifta ”Eit dårleg kommuneår”. Leiarskribenten peikar på viktige utfordringar for kommunane. Men det vert nyanselaust å hevda at kommuneøkonomien har vorte verre og verre sidan 2006.

Kommunane har i desse åra fått over 30 milliardar kroner ekstra. Dei auka inntektene er nytta til beste for innbyggjarane. Under den raudgrøne regjeringa har det vorte langt fleire tilsette på skular, i barnehagar og innanfor helse og omsorg.

Lokalpolitikarane har lagt ned ein innsats som gjer inntrykk på meg som ansvarleg statsråd for kommunane. Det er slik samspelet mellom lokale og nasjonale styresmakter skal vera. Dei langsiktige politiske måla vert sette av partia, Stortinget og regjeringa. Dei lokale tillitsvalde og dei kommunale medarbeidarane skapar dei praktiske løysingane for god kommunal velferd.

Det er difor 34 nye barn kvar dag har fått barnehageplass etter at denne regjeringa tok over. Det er difor det har vorte fleire lærarar per elev i grunnskulen, og det er difor målet om 10 000 nye årsverk innan pleie- og omsorgssektoren er meir enn oppfylt.

Eg har ikkje, som det står i leiaren, hevda at 2008 var eit unntaksår. Eg er den første til å erkjenna at 2008 vart eit krevjande år for kommunane. Kommunane fekk mindre for pengane enn venta. Kommunebudsjetta vert vedtekne i desember året før, under gjevne føresetnader. I 2008 vart kostnadene langt høgare enn både regjeringa, Stortinget og kommunane la til grunn. I tillegg slo finanskrisa inn også i kommunane. Slik oppstod det ein økonomisk ubalanse.

Heldigvis har vi eit budsjett for 2009 med auka overføringar, mellom anna med meir pengar som kommunane sjølve kan styra over. Eg vonar det vil gje høve til konsolidering av situasjonen. Vi har elles høg merksemd på korleis den økonomiske utviklinga vil vera framover. Det gjeld både i høve til einskilde kommunar og heile sektoren. Eit uroleg farvatn får oss ikkje til å seinka ambisjonane på vegne av den lokale velferda. Det er i tider som no at vi må hegna om ein sterk kommunesektor.