Historisk arkiv

Veterantoget på Bergensbanen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kjære alle saman! Det er ei stor glede for meg som ”vikarierande samferdselsminister” å få vere her for å ynskje dette staselege veterantoget ”god tur vestover”.

Kjære alle saman! Det er ei stor glede for meg som ”vikarierande samferdselsminister” å få vere her for å ynskje dette staselege veterantoget ”god tur vestover”.

Det er historisk sus – ikkje berre over toget – men òg over banen det skal køyre på. Bergensbanen har vore særs viktig for landet vårt i dei hundre åra me har hatt glede av den. Før bana kom var det vanskeleg å kome seg over fjellet aust-vest. Ein kunne naturlegvis gå eller bruke hest og kjerre eller båt langs kysten, men uansett tok det mange dagar – noko som nesten er uverkeleg å tenkje på i dag. Før Bergensbana blei tatt i bruk kunne ein blant anna reise med toget på Randsfjordbana til Vikersund. Derfrå tok ein Krøderbanen frå Vikersund til Krøderen, båt til Gulsvik og skyss vidare over fjellet. Etter at prøvedrifta var sett i gang i 1906, måtte folk framleis ta båt over Krøderen. Det var i den perioden lokomotivet Moses ved eit uhell falt i vatnet utanfor brygga i Gulsvik. Seinare blei det henta opp av vatnet, og køyrte sidan i mange år.

Det var forstmeister Gløersen som først lanserte tanken om ein jernbane i 1871. Han såg behovet for å knytte landsdelane saman og meinte det ville gje næring til handelen. Men lenge før Bergensbanen blei påbegynt, kom Vossebanen i 1883. Av dei som stod fremst i kampen for å få gjennomført tiltaket var ei rekkje framsynte bergensarar, blant anna seinare statsminister Christian Michelsen. Fram til Bergensbanen opna var Hallingdalen mindre kjent for omverda og dominert av fedrift. I dag er dalen ein av den mest brukte transportetappane mellom aust og vest med. Flåmsbanen og Rallarvegen er to av dei flotte turistattraksjonane som trekkjer norske og utanlandske turistar over fjellet, og aldri har så mange reist med toget som no.

Hundre år etter opninga går det dagleg sju godstog og fem persontog i kvar retning. NSB hadde 702 000 kundar på regiontoga på Bergensbanen i fjor og 30 prosent av alle som reiser mellom Oslo og Bergen tar toget. Banen er den mest trafikkerte fjerntogstrekninga i Noreg, og trass billige flybillettar har passasjertala auka dei siste åra og dagtogtilbodet på Bergensbanen blir drive utan statlege tilskot. Og om jernbanen ikkje kan konkurrere på tid med fly, kan flya aldri konkurrere med Bergensbanen når det gjeld vakre opplevingar.

Når det er sagt – gode naturopplevingar kan ikkje vege opp for forseinkingar og innstilte tog. Bergensbana lir av mange av dei same utfordringane som resten av jernbana i Noreg. For låg prioritering i mange år har ført til slitasje og vedlikehaldsetterslep. Toget er ei miljøvenleg transportform, og difor satsar regjeringa no tungt på å ruste opp jernbana. I Nasjonal transportplan 2010-2019 aukar me satsinga ytterlegare. Ny tunnel og nye kryssingsspor fleire stader vil bidra til auka kapasitet på Bergensbana. Dette vil gjere jernbana meir robust, med færre forseinkingar og innstillingar. Mindre investeringstiltak og fornyingar vil gje noko kortare reisetid, og vedlikehaldstiltaka eg nemnde tidlegare skal òg gje auka punktlegheit og regularitet. Jernbanesatsinga vår vil gi ein langt meir påliteleg jernbane på sikt.

Medan den første reisa tok 15 timer i 1909 er den i dag i overkant av seks timer frå sentrum til sentrum. Utfordringa i dag er å få opp kapasiteten på sporet slik at me får ned reisetida og at endå fleire får lyst å reise miljøvennleg med toget. Her er det positivt at godtstrafikken har hatt ei enorm auka siste åra og har blitt dobla sidan 2002. Årlig blir det frakta 117 000 containarar over fjellet – det erstattar nesten 60000 vogntog. Og når endå fleire godstog får plass på sporet blir både miljøet og trafikktryggleiken endå betre! Det er med andre ord ein livkraftig 100-åring med ei lys framtid me feirar i år.

Då har eg æra av å – nesten hundre år etter det første toget –  å blåse i fløyta for jubileumstoget.  Så, folkens, ta plass og lukk dørene! Det er klart for avgang!