Historisk arkiv

Vi satsar på bustadpolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Adresseavisen 30.06.2009.

Harald Ø. Reppesgaard tek feil når han i eit innlegg her i avisa karakteriserer bustadpolitikken som usosial. Eg meiner det er all grunn til å vera nøgd med innsatsen til den raudgrøne regjeringa for å styrka dei bustadsosiale verkemidla.

Etter tiår med aukande bustadprisar og kraftig utbygging, er merksemda snudd. Alt dreier seg ikkje lenger om å henta gevinstar ut av bustadmarknaden.

Når ei ny bustøtte no er på plass 1. juli, vert 2009 for alvor eit bustadsosialt år.

Om lag 50 000 fleire vanskelegstilte husstandar vil koma inn i ordninga, ei ordning som frå før omfattar 100 000 husstandar. Styrkinga vil vera til stor hjelp for dei som slit med låge inntekter og høge buutgifter.
 
10 000 nye barnefamiliar og 40 000 åleinebuande og par utan barn vil få høve til ein meir tryjj heim. Styrkinga av bustøtta vil vera til stor hjelp for unge og andre slit med høge husleiger og dyre renter på bustadlån. Støtta vert i gjennomsnitt om lag 2000 kroner per månad. Kommunane får såleis også auka motivasjonen til å etablera fleire utleigebustader.

I Noreg har vi tradisjon for å eiga bustadene våre. Difor har vi ikkje bygd ut ein stor offentleg utleigesektor. Det å eiga sin heim gir mange fordelar. For dei fleste er tryggleiken ved å ha sitt eige det viktigaste argumentet for å vera bustadeigar. Difor er regjeringa oppteken av å hjelpa flest mogleg inn på bustadmarknaden.

I fjor fekk 6 500 hushald startlån gjennom kommunane. Meir enn halvparten flytta frå leigd bustad og for første gang inn i sin eigen eigde heim.

Det største hinderet for at alle i dag har ein heim, er at kommunane disponerer for få bustader. Det er lange ventelister mange stader. I år har vi sett av midlar til 3 000 nye kommunale utleigebustader for vanskelegstilte. Det er den største satsinga på utleigebustader nokon gong! Til saman har vi gitt tilskot til etablering av meir enn 10 000 utleige-, student- og omsorgsbustader i stortingsperioden.

Låneramma til husbanken vart gjennom tiltakspakken auka med to milliardar kronar, frå 12 til 14 milliardar kroner. Startlånet har fyrsteprioritet innanfor ramma. Det er ingen tvil om at startlånet er meir aktuelt no enn tidlegare med tanke på dei krevjande økonomiske tidene mange opplever.

Eigen bustad er ein grunnleggjande føresetnad for å kunna fungera i samfunnet, anten det gjeld i arbeidslivet eller på andre arenaer som gir livet meining.

Desse tiltaka er gode døme på ein moderne bustadpolitikk som vil få endå fleire menneske i hus.