Historisk arkiv

Fleire skal ha ein trygg heim – moglegheiter i 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg på politisk leiarmøte om bustadsosiale utfordringar 25. mai 2009.

Det er viktig for meg å kunna møta dykk som tek avgjerder i kommunane. Ikkje minst for at vi saman kan utveksla erfaringar og kunnskap om dei bustadsosiale problemstillingane i kommunane.

Regjeringa har som mål at alle skal kunna bu trygt og godt. Ein eigen heim er ein viktig føresetnad for å kunna delta aktivt i samfunnslivet. Heldigvis har dei aller fleste av oss ein trygg og god busituasjon.

Vanskelegstilte på bustadmarknaden er ikkje ei særskilt gruppe. Mange av oss kan koma i ein situasjon der vi slit for å sikra oss ein trygg heim over tid. Ikkje minst i urolege økonomiske tider.
 
Dei bustadsosiale måla for 2009:

  • Auka førebygging og avskaffing av bustadløyse
  • Auka bustadsosial kompetanse i kommunane
  • Auka bustadsosial aktivitet i kommunane.

Kommunane har hovudansvaret for å hjelpa vanskelegstilte på bustadmarknaden. Det er de som møter utfordringane. Det er også de som må eiga løysingane.

Men staten har ei viktig rolle. Staten skal setja overordna bustadsosiale mål. Staten skal leggja til rette for at kommunane har dei rammevilkåra som er naudsynte for å gjennomføra arbeidet lokalt.

Staten sitt  viktigaste verktøy for i dette arbeidet er Husbanken. Husbanken skal vera ein støttespelar for kommunane i det bustadsosiale arbeidet. Husbanken har også ansvaret for å koordinera ein del av den statlege innsatsen på feltet, til dømes arbeidet med bustadløyse.

De i kommunane har funne mange gode løysingar i samband med ulike bustadsosiale utfordringar. De har vore engasjerte, samarbeidsviljuge, ikkje minst kreative i vala av løysingar. Dei tre kommunane som skal presentera arbeidet sitt etter lunsj, er gode døme på dette.

Dei bustadsosiale måla for 2009 tek utgangspunkt i tre oppgåver:

1) Å førebyggja og avskaffa bustadløyse er Husbanken sin viktigaste oppgåve

  • Strategiperioden for ”På veg til eigen bustad” er over. Men arbeidet blir trappa opp! Utfordringane er så store at vi treng eit langsiktig perspektiv for å kunna løysa dei. Derfor er den statlege satsinga no ein del av den permanente og ordinære drifta, og ikkje nedfelt i tidsavgrensa planar og strategiar
  • Kartlegging av bustadlause viser likevel at mange kommunar framleis slit med å hjelpa dei som treng det mest. Derfor skal innsatsen fortsetja med full styrke.

2) Auka bustadsosial kompetanse i kommunane

  • Innbyggjarane sine behov varierer sterkt frå kommune til kommune. Derfor er det viktig at de har fridom til å organisera arbeidet ut ifrå dei lokale utfordringane
  • Kompetansetilskotet til Husbanken kan mellom anna brukast til utvikling av bustadsosiale handlingsplanar, pilot- og utviklingsprosjekt, og oppbygging av bustadsosial kompetanse i kommunane
  • Husbanken har allereie gitt meir enn 250 tilskot til utarbeiding av bustadsosiale handlingsplanar. Ein handlingsplan er viktig for å kunna planleggja langsiktig og sjå arbeidet saman med andre kommunale planar.

3) Auka bustadsosial aktivitet i kommunane

  • Det er i kommunane den bustadsosiale aktiviteten føregår
  • Vi har mange gode og effektive verkemiddel som kan bidra i dette arbeidet. Dei viktigaste verkemidla er bustøtte, bustadtilskot og startlån. For å lukkast i arbeidet med å busetja fleire vanskelegstilte, må både statleg og kommunalt nivå samarbeida. Årets statlege innsats er rekordstor, men den vil ikkje løysa alle utfordringane de står overfor. Derfor vil eg oppmoda om å nytta Husbanken. Husbanken har kunnskap og verkemiddel. I tillegg har Husbanken samarbeid med mange andre etatar, kommunar, friviljuge organisasjonar, brukarorganisasjonar og ikkje minst KS.


Kartlegging av bustadlause 2008

  • 6100 registrerte bustadlause i 2008
  • Mange kommunar slit framleis med å hjelpa dei som treng det mest
  • Bruk dei økonomiske verkemidla i Husbanken.


Eg skal ikkje gå inn i detaljane i resultata frå kartlegginga. Det gjer NIBR etter pausen. Men det har vore ein auke i talet bustadlause på om lag 600 sidan førre kartlegging i 2005.
 
Resultata er ei klar melding om at vi saman må prioritera arbeidet i tida framover. Det skal ikkje vera nokon tvil om at regjeringa tek auken på alvor.

Husbanken skal fortsetja å ha førebygging og avskaffing av bustadløyse som si prioriterte oppgåve. Og de i kommunane, saman med dei friviljuge, må halda fram det arbeidet .

Vi treng dykk meir enn noko gong!
Eg tolkar resultata slik at mange kommunar framleis slit med å hjelpa dei som treng det mest. Derfor er eg oppteken av at dev kjenner dei bustadsosiale verkemidla. Det er korleis vi nyttar desse verkemidla som avgjer om vi kan gjera noko med utviklinga.
 
Kunnskapen om resultatet frå kartlegginga og andre erfaringar som Husbanken har opparbeidd i sin kontakt med kommunane, skal no nyttast i fordelinga og bruken av dei bustadsosiale verkemidla. Ikkje minst skal Husbanken si organisering av ressursane og Husbanken sin kompetanse no rettast  mot dei kommunane som har størst behov for oppfølging og bistand.

Auka bustadsosial aktivitet 2009 - eit bustadsosialt år

  • Ny bustøtte
  • 3000 utleigebustader
  • Auka rammer til startlån
  • Strategisk bruk av kompetansemiddel.

Ny bustøtte

  • Nytt regelverk frå 1. juli 2009
  • Regelverket har vorte langt enklare og lettare for saksbehandlarane å handtera, men innfasinga vil krevja mykje av kommunane
  • Husbanken er godt budd når det gjeld informasjonsverksemd, kurs og opplæring
  • Den nye bustøtta tyder på sikt at om lag 50 000 fleire husstandar vil kunna få støtte
  • Opnar for at alle skal kunna søkja om bustøtte, unnateke studentar utan barn og militære
  • Det vil etter kvart innebera ein milliard kroner meir årleg til husstandar med låge inntekter og høge buutgifter
  • Krava til bustaden blir forenkla
  • Inntektsgrensa blir heva for alle
  • I tillegg har regjeringa no nettopp lagt fram eit forslag i revidert nasjonalbudsjett,  om at ingen skal få mindre utbetalt når den statlige bostøtta vertr utvida. Kor mykje kvar husstand får kompensert vil variera. Full kompensasjon vil bli gitt første året. Deretter vil overgangsordninga trappast jamt ned over fem år. Tiltaket kostar staten nesten 160 millionar kroner for det første virkeåret.

Mål om 3000 utleigebustader i 2009

  • I tillegg til statsbudsjettet for 2009, er det i tiltakspakken vedteken ei ekstraordinær satsing for å auka talet kommunalt disponerte bustader
  • I 2008 opna regjeringa også opp for ei auka utmåling i spesielle prosjekt – opptil 40 prosent. For å få ei høgare utmåling, må ein del kriterium vera oppfylt. Mellom anna skal det føreligga ein plan for heilskapleg oppfølging. Husbanken har utfordra dykk i kommunane om å søkja om høgare tilskotsutmåling til slike prosjekt. Høgare utmåling kan mellom anna vera aktuell i prosjekt der mindreårige flyktningar blir busette.

Auka rammer til startlån

  • Husbanken si låneramme vart gjennom tiltakspakken auka med to milliardar kroner kroner – frå 12 til 14 milliardar kroner
  • Startlånet har førsteprioritet innanfor ramma. Det skal ikkje stå på lånemiddel frå staten
  • Hittil i 2009 har norske kommunar nær dobla opptaket av startlån i forhold til fjoråret
  • Delen som budde i leigd kommunal bustad før dei fekk startlån var på ni prosent i 2008. Viss fleire nyttar Asker sin metode, som dei skal fortelja meir om etterpå, vil talet auka ytterlegare. Da får fleire kommunale leigetakarar høve til å kjøpa sin eigen bustad. På den måten blir fleire kommunale bustader frigjorde for andre vanskelegstilte på bustadmarknaden. Det er rett og slett eit godt bustadsosialt arbeid!

Kompetansetilskotet: 93 millonar kroner i aktivitetsramme

  • Kompetansetilskotet skal heva kompetansen innanfor hovudmåla for bustad- og bygningspolitikken
  • Bustadløysearbeidet og bustadsosialt arbeid har førsteprioritet
  • I 2008 fekk over 160 prosjekt kompetansetilskot frå Husbanken til både store og små bustadsosiale prosjekt. Dette syner at aktiviteten er stor i kommunane.

Ansvaret for kommunalt disponerte utleigebustader ligg i kommunane. Men la meg understreka - de står ikkje aleine.

Det er ikkje vanskeleg å sjå at det blir gjort ein god  bustadsosial innsats . Samstundes ser eg utfordringane dykk møter. Dei tar eg på alvor – dei tek regjeringa på alvor. Det kjem til syne gjennom mellom anna ny bustøtte og ekstra satsing på bustadtilskotet. Tiltaka vil ikkje løysa alle problem, men er eit godt bidrag.

Vi trur på arbeidet som blir gjort i kommunane.

Moglegheitene i 2009 er mange – grip dei!