Historisk arkiv

Tilsvar leiar i Aftenposten 21. april 2010

Angrip ikkje Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget ble sendt Aftenposten 23.04.2010.

I ein elles balansert leiar 21. april om møteserien om motmakt og regional utvikling, held Aftenposten fast på fleire feilaktige påstandar om kva eg har sagt og meint i ordskiftet.

Eg freistar ikkje halde liv i kunstige motsetnader mellom by og land eller angripe Oslo. Det har eg vore nøye med å understreke i alle mine innlegg i denne møteserien.

Debatten har såleis ikkje vore nokon kampanje mot Oslo by, innbyggjarane der eller hovudstaden. Anten me bur i Groruddalen eller Gudbrandsdalen, kan me oppleve avmakt.

Samfunnsutvikling, motmakt og regionalt samspel, har vore nøkkelord i den debatten som verkeleg har funne stad. Diverre fann ingen såkalla riksmedier debatten interessant før han kom til  Operaen i Bjørvika, i gangavstand frå Aftenposten-redaksjonen.

Det eg håpar på er eit ordskifte om kva slags samfunn Noreg skal vere om nokre tiår og kva som er dei sentrale utviklingstrekka. I ein slik debatt er det umuleg ikkje å ta stilling til maktopphoping i Oslo og spenninga sentrum periferi.