Historisk arkiv

Bakstreversk frå Framstegspartiet om kommunestruktur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til flere media 24.06.2010.

- Trur Framstegspartiet verkeleg det er muleg å fatte sentrale vedtak som opphever geografi og busettingsmønster i Noreg?

Framstegspartiet meiner det er for mange kommunar i landets fylker og vil redusere talet frå 430 til 99. Det er gamaldags tenking når partiet no tek til orde for ei storstilt sanering av talet på kommunar i Noreg.

I staden for å spørje kva innbyggjarane er best tent med der dei bur, seier partiet at det minst må vere 10 000 innbyggjarar i ein kommune.

Ikkje respekt for folk flest
Snakk om manglande respekt for dei som bur og arbeider i dei 430 kommunane me har i landet. Her blir det kvar dag gjeve gode tenester innanfor skule, helse og ei rekkje andre tilbod. Mange av dei mest nøgde innbyggjarane finn me i dei små kommunane. Så kjem partiet som hevdar dei er på parti med folk flest og seier at det er for smått og dårleg.

Kvar er logikken i å seie at størst er best? Kva er så framtidsretta med å tenkje som strukturrasjonalistar frå tidleg 60-talet, då me hadde den førre store kommunegrensereforma?

Stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter hevdar at det skal vere muleg å kutte talet på kommunar utan tvang, berre lokkemiddel og gulrøter er store og freistande nok. No vil han ha innspel frå kommunalpolitikarane i partiet om korleis det skal kunne gå til.

Subsidiert tvang
Det Hagesæter legg opp til er i beste fall frivillig tvang, betalt med store statlege overføringar for å smørje prosessane og kvele lokal motstand.

Eg har så stor tiltru til lokalpolitikarar og lokaldemokrati, uansett kva parti som styrer, at dette veit dei best lokalt.

Sjølvsagt skal me arbeide for ein meir effektiv kommunesektor, attraktive kommunale arbeidsplassar og gode lokalsamfunn. Nokre kommunar vil heilt sikkert også finne det fornuftig å slå seg saman. Gjer dei det, vil eg støtte det fullt ut. Staten skal også bidra til at ei samanslåing ikkje blir eit økonomisk problem.

Lokale ønskje
Men dette må finne stad med utgangspunkt i lokale ønskje. Å teikne eit kommunekart i Oslo med berre 99 kommunar er arrogant og ikkje tilpassa det landet med faktisk bur i. Trur Framstegspartiet verkeleg det er muleg å fatte sentrale vedtak som opphever geografi og busettingsmønster i Noreg?