Historisk arkiv

Barnevern – meir samarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Dagens Næringsliv 09.04.2010.

I Dagens Næringsliv 31. mars hevdar Kjetil B. Alstadheim at det er eit motstridande tilhøve mellom kommunestruktur og barnevern. Eg meiner at det er ei feilslutning. Det er fullt muleg å ha eit godt barnevern i Noreg med den kommunestrukturen me har i dag.

Ikkje storleik som er problemet
Det finst utfordringar i barnevernet, knytt til kapasitet og kompetanse. Men dei spring ut frå utfordringar med å rekruttere fagfolk i området, ikkje ut frå storleik.

Det er viktig at barnevernet fungerer, slik at dei som verkeleg treng det får hjelp. Eg trur ikkje talfesting av minstenormer eller diskusjon om kommunestorleik utan vidare vil sikre god kompetanse og organisering.

Mykje samarbeid
Barnevern er godt egna for samarbeid mellom kommunar. Mange kommunar samarbeider godt eller er i ferd med å prøve ut samarbeid. I min heimkommune, Lærdal, har dei eit nært samarbeid med Aurland kommune. Dei er samlokaliserte, noko som gir eit meir robust fagmiljø. Utfordringar knytt til kostnadsfordeling og lokalisering kan løysast dersom samarbeid vil gi betre tenester til dei unge som treng det.

Kommunestrukturen er med andre ord ikkje til hinder for eit godt barnevern.

Dersom kommunar ønskjer å slå seg saman, må det vere fordi innbyggjarane og lokalpolitikarane sjølve meiner at det vil gi eit betre tilbod og ein betre kommune å bu i. Ikkje fordi det blir teikna opp nye kommunegrenser i Oslo.