Historisk arkiv

Eit utviklingsorientert lokalsamfunn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg på Dyrøy-seminaret 28.09.2010.

- Me kan ikkje i regjering og Storting vedta lokal vekstkraft og lokale initiativ. Kvart einskild samfunn må vere medveten sitt ansvar. Innbyggjarane har ei rolle å spele, som medborgarar, politikarar og medarbeidarar i offentleg og privat verksemd, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

God morgon Haugalandet, Tromsø, Steinkjer, Alstadhaug og Sogndal.

Kjære deltakarar!

Først av alt: Takk for invitasjonen til å kome hit til Dyrøy.
Til eit utviklingsorientert lokalsamfunn.
Det er godt å vere her.
Eg er også glad for å vere i diktaren Arvid Hanssen sitt rike.
Ein forfattar som kombinerte skjemt og humor med alvor og kjensler. Og ikkje minst innsikt i kvardagslivet.

Sidan eg i dag skal snakke om vegar, dei digitale og moderne, la meg få byrje med eit dikt frå Arvid Hanssen, henta frå samlinga Slipsteinstankar frå 1983.

Overalt er det vegar.
Dei sprikar ut frå noko
Og mot noko,
du veit ikkje kva.
Du ser dei stige opp på fjell
Og ned i skogar,
springe over elvar
og djupe sund,
heile tida mot noko.
Gjennom berg borar dei.
Under ur krabbar dei.
Langs mo og myr
leiter dei det uskjønlege,
i svimlande fart
frå noko til noko.
Du veit ikkje,
Veit berre det er vegar overalt –
til å fare på.
 
Vegar, heitte diktet.
Det gir ei god skildring av dei trådane som no knyt verda saman i ei digital eining. Dei går i svimlande fart, frå og til, overalt og er ikkje heilt til å fatte.

Skjønt, me veit jo at digitale nettverk har endra måten me organiserer samfunnsliv og privatliv på.
Det er i dag heilt nødvendig å ha gode nett overalt –for innbyggjarar og næringsliv – for vekst og verdiskaping.

Nokre snakkar om eit paradigmeskifte, FN har ein breibandskommisjon som meiner at tilgang på breiband må bli ein borgarrett.

Trådlaus revolusjon

I USA har president Obama ambisjonar om ein trådlaus breibandsrevolusjon.

Han har gitt klar melding til departement og direktorat melding om å få fart på ei teknologiutvikling som presidenten meiner står i ei særstilling for å utvikle USA.

I Australia blei regjeringsspørsmålet etter valet i august avgjort på bakgrunn av breibandutbygging.
Ingen hadde fleirtal i parlamentet, inntil ein uavhengig representant frå distrikta valte å støtte arbeidarpartiet og dei grøne. Dei ville syte for raskare breiband i det langstrakte landet.
- Eg tenkte, det var ei for god mulegheit å miste, sa parlamentsmedlemmet. 

I Noreg starta det politiske arbeidet med breiband og betre digital kommunikasjon då Odd-Roger Enoksen som Sp-leiar i 1999 lanserte det visjonære omgrepet den digitale allemannsretten og høge ambisjonar om utbygging av breiband. Det måtte ein nordlending til.

Nokre menneske rista på hovudet og trakk på smilebandet. VG laga snakkeboblar på teikninga av Odd Roger med ”breiband til folket”. SP var i forkant av ei utvikling som er den viktigaste distriktspolitiske revolusjon sidan bilen vart oppfunnen.
Kva blei resultatet?
Mest heile Noreg har tilgang til breiband. 99, 9 prosent er det offisielle talet.
Dei få plassane der det ikkje er godt nok utbygd, eller kapasiteten ikkje er på det høgaste, let dei høyre frå seg.

Digitale forbrukarar

Fram til langt ut på 80-talet, akseptert me årelang kø for å få telefonapparat. Slik er det ikkje lenger.
Me er blitt kravstore digitale forbrukarar.
Det er bra. Ja, det er jo heile poenget.
Teknologien har skapt ein marknad som er grenselaus og utan omsyn til avstandar.
Monopolet har falt, informasjon flyt fritt, og me vil ha – og treng - tilgang til nett over alt.
Difor er det muleg, naturleg og ynskjeleg å sitje, for eksempel her på Dyrøy, og samtidig arbeide i for eksempel Tromsø.
 
Mykje har skjedd på dei vel 10 åra sidan Enoksen lanserte sitt visjonære omgrep. Samstundes er me berre i byrjinga på ei spennande utvikling, der mellom anna fysiske avstandar får mindre å seie.

Eg trur ikkje me heilt klarar å førestelle oss kva for teknologi og tenester som vil prege kvardagen 10 år fram i tid.

Best av alt, er det at me i eit land med store avstandar blir knytt nærare saman. Det spelar mindre kvar du bor og arbeider. Breiband opphevar avstand.

Høgare fart

Skal me utnytte dei teknologiske mulegheitene må hastigheita må opp og kapasiteten bli betre. Breibandet må bli breiare.
Det må vere god plass til ulike tenester, telefoni, fjernsyn og videokonferansar.

Korleis det skjer, er ikkje avgjerande. Nokre snakkar om fiberoptikk, nokre om trådlause løysingar.

Det avgjerande er at me får til det rette samspelet mellom styresmakter og marknadsaktørar, slik at heile landet blir dekt. Berre slik kan me sikre kostnadseffektive løysingar. Løysingar som ivaretek målet vårt om at folk skal ha reel fridom til å busetjing.

Rapport om gevinstar

I mars fekk me ein rapport frå Nexia, som synte at det var muleg å ta ut gevinstar i distriktsområde sjølv kort tid etter at  breiband med høgkapasitet var bygd ut.
Rapporten peika på at breiband no er ein del av den grunnleggjande infrastrukturen som må vere på plass for at alle skal kunne busetje seg der dei vil.

Breiband er med andre ord like viktig og naturleg som veg, vatn og elektrisitet.
 
Rapporten synte at raskt breiband gir betre vilkår for private og offentlege føretak som vil lokalisere seg i distrikta. Ikkje minst er teknologien viktig for bedrifter med spesialisert kompetanse.

Eitt eksempel er teknologiføretaket DEMAS, som leverer elektrotavler, automasjon, prosesstyring og tenester over hele landet. Dei har hovudsetet sitt her på Dyrøy, men har og avdelingar i Harstad og på Jevnaker.

Eit anna eksempel er frå skianlegga i Bykle på Sørlandet. Ein uheldig skiløpar kan no få avklart muleg beinbrot lokalt ved hjelp av digitalt røntgenutstyr i staden for å reise den lange vegen til sjukehusa i Arendal eller Kristiansand for å ta bilete. 

Digitale og attraktive

Det er ingen tvil om at dei attraktive stadene me ynskjer å utvikle rundt omkring i Noreg, er avhengig av gode digitale og elektroniske vegar.
Bruk av e-læring, e-helse, ulike offentlege og private tenester og ikkje minst eit breitt underhaldningstilbod blir mykje betre.

For samfunnet ligg gevinsten i moderne breiband i auka økonomiske vekst – verdiskaping - slik fleire internasjonale studiar syner.

Regjeringa har i Soria Moria II erklært at det skal bli lagt til rette for ”tilstrekkelig kapasitet for å møte framtidig behov innan skole, helse, næringsliv og husholdninger i hele landet”.

Kor mykje dette er, vil variere, særleg mellom hushalda. Men me må leggje opp til at det offentlege og dei delane av næringslivet og innbyggjarane som ynskjer det, skal få tilgang til breiband med høg kapasitet i åra framover, sjølvsagt også utanfor dei områda som blir dekt av marknaden.
 
I dei siste 10 årene er det løyvd 770 mill. kr til Høykom for å stimulere tenester og bygging av infrastruktur for breiband.
KRD har løyvd nesten 400 mill. kroner.

KRD vil fortsette med høge løyvingar også i åra som kjem.

Bruk teknologien, frigjer ressursar

I ei tid der lokal velferd møter store forventningar og utfordringar, er det avgjerande at me klarer å bruke teknologien effektivt.

Eg trur alt for mange årsverk og kroner blir brukt til å løyse oppgåver som teknologien kunne teke seg av. Til dømes i omsorgssektoren og i den offentlege sakshandsaminga.
Og i kontakt mellom innbyggjarar og næringsliv mot det offentlege.

Ved det Distriktsmedisinske senteret på Fagernes samarbeider dei seks Valdreskommunane om ei lang rekkje helsetilbod som dei ikkje kunne klart på eiga hand.

I samarbeid med Sjukehuset Innlandet tilbyr dei tenester knytt til dialyse, hudlege, augelege, hjertespesialist og gynekolog.
Teknologien  bidreg til at det distriktsmedisinske senteret kan halde ein tett kontakt med spesialistar på ei rekkje område, mellom anna vert det utført 2 500 røngtenkonsultasjonar på senteret. Tilbodet gjer at innbyggjarane i Valdres slepp den lange reisevegen til sjukehus. Ein vinn-vinn-situasjon for enkeltmenneska og systemet.

Teknologibruken sparer ikkje berre helsebudsjetta, men også sjukefråverspengar og dekning av reiseutgifter over budsjetta til NAV.
Mange stader er det naudsynt med ein ekstra innsats, og da er me avhengig av at alle medverkar og gjer sitt beste for at lokalsamfunnet skal få breiband.

I Nord-Trøndelag er det ein stor dugnadsinnsats med deltaking frå fylkeskommune, kommunar og lokalsamfunn.

I Forradalen har innbyggjarane gravd 25 kilometer grøft på dugnad. Nesten alle husstandar har teikna abonnement for å realisere draumen om superbreiband til bygda.

I tillegg gav fylkeskommunen, Stjørdal kommune, lokale sparebankar og organisasjonar tilskot til prosjektet.

Dette er eit godt eksempel at regionale og lokale aktørar kan realisere prosjekt som breibandsaktørane ikkje finn lønsamt å byggje ut.

Bygdefiber kallar nordtrønderane satsinga.
 
Nord-Trøndelag fylkeskommune gjer også ei stor innsats som vegeigar for breibandsutbygginga. I samband med asfaltering av 900 kilometer fylkesveg, blir det lagt trekkrøyr for breiband langs vegen.

Alle kommunar og fylkeskommunar må gjere som nordtrønderane. Det er eit felles ansvar å få fram digital infrastruktur rimeleg og effektivt. 
Er det muleg å realisere prosjekt ved å leggje breiband i samband med bygging eller vedlikehald av kommunale veger, vatn- og avløpsrør eller lysstolpar?

Eg vil oppfordra alle til å tenke kreativt og å ta ansvar for å realisere spennande breibandsprosjekt!

Store ord, ja

Det er lett å gripe til dei store orda når me snakkar om dei digitale mulegheitene. Nokre vil også innvende at det ikkje er rekningssvarande for samfunnet å bruke mykje pengar på å bygge ut høg kapasitet utanfor dei såkalla sentrale stroka.

No trur eg ein av verknadene av den teknologiske utviklinga er at kva som er sentralt og kva som er perifert vil endre seg. Teknologi eliminerer avstand.
 
For oss som politikarar gjeld det då å ta i bruk dei verkemidla som kan fremme ei sunn samfunnsutvikling.
For eksempel hindre at for mange arbeidsplassar for dei godt kvalifiserte og høgast utdanne klumpar seg saman i dei delane av Austlandet der pressproblema er størst.
Dei siste ti åra har me sett tendensar til ei slik utvikling.
Samstundes går sysselsettinga ned i industri og primærnæringar utanfor dei større byregionane.

Mange unge menneske vil busetje seg i delar av landet der dei kan realisere profesjonelle ambisjonar og samtidig leve eit liv med litt lågare puls enn der bilkøen er størst og husprisane høgast.

Spreie kompetansearbeidsplassar

Ambisjonen vår er at lokalsamfunn over heile landet skal kunne få sin del av voksteren innan kunnskapsintensive næringar.
 
Fleire kompetansearbeidsplassar i distrikta er naudsynt for å få ein meir balansert utvikling over heile landet. Difor har me satt ned eit utval, leia av professor Karen Helene Ulltveit-Moe, som skal foreslå tiltak for å sikre betre spreiing av kompetansearbeidsplassar. Også det ei direkte oppfølging av Soria Moria 2.

Aktive kommunar er altså eit nøkkelord. Kommunen må framstå som ei profesjonell og smidig førstelinjeteneste for det lokale næringslivet.
Kvar enkelt kommune må ta mål av seg til å bli ein best muleg vertskommune for gründerar og etablert næringsliv.

Det er dei engasjerte eldsjelene og nyskaparane som må utnytte mulegheitene, skape arbeidsplassar og utvikle attraktive lokalsamfunn og stader.

Det er utvilsamt krevjande, for kommunar av ulik storleik, å hjelpe eit næringsliv i hurtig endring og i internasjonal konkurranse.
Samarbeid med andre kommunar og med verkemiddelapparatet er ein god måte å møte desse utfordringane på.

Difor har KRD sett i gang to program for å auke kompetansen på desse områda – lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) og førsteline for utvikling av næringsliv i kommunane (FUNK).

For å sikre at dette arbeidet blir slik me har tenkt, aukar me løyvingane til dei kommunale næringsfonda ytterligare på statsbudsjettet neste år.

Pengane skal bidra til vekst, verdiskaping og sysselsetting, og blir altså forvalta av dei som har størst lokal kunnskap.

Me har no arbeidd med småsamfunnssatsinga i fire år. Dyrøy kommune har vore ein aktiv deltakar her.
Eg har no gleda av å melde at ein rettleiar frå småsamfunnssatsinga nett er lagt ut på nett.
Rettleiaren er eit konsentrat av gode råd og kunnskap om prosjektarbeid som er bygd opp gjennom år.
Norsk senter for Bygdeforsking, som har stått for fylgjeevalueringa, syner tydeleg at det er trong for nokre køyrereglar og ikkje minst gode førebuingar når ein skal i gang med lokalt utviklingsarbeid.

Eg vil oppmode så sterkt eg kan til at rettleiaren blir tatt i bruk. Det er slik vi byggjer kunnskap og blir betre.
Det er ikkje revolusjonerande ny kunnskap som kjem fram i rettleiaren. Men det er nyttige og verdifulle råd. For dei som skal i gang med prosjektarbeid og for dei som skal oppsummere og føre prosjektarbeidet inn i den daglege drifta i sin kommune.

Raudgrøn forskjell

For dei som framleis lurer.
Ja, eg meiner at fem år med raudgrøn regjering har utgjort ein forskjell for distrikts- og regionalpolitikken.

Me har gjeninnført differensiert arbeidsgjevaravgift, gjennomført eit distriktsløft  der me har auka løyvingane til dei særskilte distrikts- og regionalpolitiske verkemidla med 743 millionar kroner, om lag 56 prosent frå 2005 til 2011.
Me har styrka kommuneøkonomien og satsa på innovasjon og entreprenørskap. Dei siste åra har entreprenørskapsaktiviteten vore like stor i område med spreidd busetjing som i byregionane.
Me har lagt fram ein fått på plass ein konkret og ambisiøs transportplan, landbruks- og matnæringa er i siget og spennande næringsklynger veks fram nye stader.
Fylkeskommunen som regional utviklingsaktør er styrkja.
Me satsar vidare på samspelet mellom kultur og næring. Eit viktig samspel for å utvikle moderne lokalsamfunn med gode kulturtilbod.
For denne landsdelen har satsing på nordområda, forsking og reiseliv vore viktig.

Mykje, men ikkje alt

Samstundes har me vore klar på at sjølv om nasjonale styresmakter kan gjere mykje, kan dei ikkje gjere alt.

Me kan ikkje i regjering og Storting vedta lokal vekstkraft og lokale initiativ.
Kvart einskild samfunn må vere medveten sitt ansvar. Innbyggjarane har ei rolle å spele, som medborgarar, politikarar og medarbeidarar i offentleg og privat verksemd.

Eg trur denne vektlegginga av ansvar blir enda viktigare i distrikts- og lokalpolitikken i åra som kjem.

Dyrøyseminaret og tvillingseminaret på Vågå er begge gode eksempel på at det fins mykje god lokal vekstkraft i dette landet.

Det gjer meg optimistisk.

Som Arvid Hanssen skriv:

Det finst stein som flyt.
Elvar som renn i motbakke.
Vind som bles alle vegar.

Verda er full av under.
Dei bleiknar til ingenting
kvar gong du rører vesletåa.

Kva betyr det? Jau, det er me menneski saman, viss me vil! Menneska som kan gjere dei største undera. Me kan i stor grad oppheva avstand!

Takk for meg!