Historisk arkiv

E-val også hemmeleg val

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Morgenbladet 22.02.2010.

I eit lesarinnlegg i Morgenbladet 12. februar hevdar Erling Lae at røystegjeving via Internett undergrev prinsippet om hemmeleg val. Eg er glad for at Lae engasjerar seg i temaet elektronisk røystegjeving og hemmeleg val sjølv om eg ikkje er einig med han. Eg meiner vi har funne fram til ei løysing for internettrøysting som tek vare på prinsippet om hemmeleg val.

Internettrøysting vil gje fleire veljarar betre tilgjenge til å røyste, og det er den viktigaste grunnen til at vi set i gang med forsøk.
 
Lae stiller spørsmål om det er gjennomtenkt at vi no set i gang forsøk med røystegjeving via Internett. Det kan eg forsikre han om at det er. Allereie i mai 2004, då Erna Solberg var kommunalminister, starta arbeidet med å vurdere om og korleis vi kan innføre elektronisk røystegjeving her i landet. Då oppnemnde ho ei arbeidsgruppe som skulle sjå på desse spørsmåla og kome med ei tilråding. Arbeidsgruppa, som vart leia av valforskar Bernt Aardal, la i 2006 fram sin rapport.

Arbeidsgruppa tilrådde mellom anna at det bør gjennomførast forsøk med røystegjeving via Internett i liten skala før det eventuelt vert bestemt om dette skal verte eit tilbod for alle veljarane i landet. Det er akkurat det vi gjer no. Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011 skal vi altså gjennomføre eit forsøk i 11 kommunar der veljarane sjølve kan bestemme om dei vil røyste via Internett eller om dei vil røyste på vanleg måte i eit vallokale.

Det er sjølvsagt ei privatsak kva veljaren vil røyste på, sjølv om ho røyster via Internett. Veljaren har òg sjølv eit ansvar for ikkje å røpe kva ho røystar på. Og det er straffbart å tvinge nokon til å røyste imot sin eigen vilje. Det er viktig å hugse på at dei som har røysta via Internett kan angre seg og røyste om igjen, anten elektronisk eller i vallokalet. Det er den sist avgjevne røysta som tel, anten den er gjeve via Internett eller i vallokalet.
 
Den 8. og 9. februar hadde e-val 2011-prosjektet i departementet si første samling med forsøkskommunane. Også i kommunane som er styrte av Høgre, er det stor entusiasme. Det er eg glad for.

Eg er einig med Lae i at utilbørleg påverknad er den største utfordringa ved røysting via Internett. Det er derfor vi skal prøve dette ut og evaluere grundig. Basert på desse erfaringane  skal vi i 2012 gje Stortinget eit grunnlag for å vurdere om det skal leggjast til rette for at elektronisk røystegjeving i heile landet og eventuelt tidsperspektivet for det. Lae trekkjer konklusjonar baserte på gjetting om kor stort dette problemet er. Eg meiner det er betre å prøve dette ut og så ta ei avgjerd basert på reelle erfaringar, ikkje gjetting.

Dei demokratiske prinsippa er svært viktige for meg og regjeringa. Dersom forsøket viser at det er vanskeleg å ivareta slike prinsipp godt nok, vil dette sjølvsagt ha avgjerande betyding for den vidare utviklinga til elektronisk røystegjeving.