Historisk arkiv

Er opptatt av åleinebuande

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Tilsvar til Laagendalsposten 28.05.2010

- Eg meiner me skal legge til rette for at flest mogleg eig sin eigenbustad.

I eit innlegg her i avisa nyleg utfordrar Harald Sundin i Ensliges landsforbund oss politikarar til å lette tilgongen til bustadmarknaden for åleinebuande.

Eg meiner me skal legge til rette for at flest mogleg eig sin eigenbustad. Åleinebuande har mulegheit for tilgong til bustadmarknaden gjennom verkemidlane som Husbanken har. Tal frå Husbanken syner at nær fire av ti som fekk utbetalt startlån i 2009 budde åleine. Medrekna dei som bur åleine med born, utgjer denne hushaldstypen over seksti prosent av dei som fekk startlån. Mange kommunar nyttar startlånet godt, men nokre kan gjere meir for å gje dei som har vanskar med å kome inn på bustadmarknaden mulegheit til å kjøpe eigen bustad. Eg oppmodar difor alle kommunar til å nytte startlånet frå Husbanken i enno større grad. Kommunane må tilpasse lånet til lokale tilhøve. Det er dei som kjenner marknaden best!

Men me skal alltid sjå etter forbetringar. For å betre tilhøva for dei som slit på bustadmarknaden, sette regjeringa no i mai ned eit nytt offentleg utval. Utvalet skal gje tilrådingar om korleis sentrale oppgåver i den sosiale bustadpolitikken skal møtast i åra framover og korleis enno fleire kan skaffe seg eigen bustad.

Finansieringsordningane, som Sundin vil ha meir tilpassa den lokale marknaden er blant dei problemstillingane utvalet vil sjå nærare på. Utvalet skal leggje fram si innstilling med tilrådingar i juni 2011.