Historisk arkiv

Tale på oppstartsseminar for forsøk med nedsett stemmerettsalder til 16 år, Lørenskog, 20. april 2010.

Kvifor forsøk med nedsett stemmerettsalder – kva blir forventa og av kven?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Tale på oppstartsseminar for forsøk med nedsett stemmerettsalder til 16 år, Lørenskog, 20. april 2010.

Kjære seminardeltakarar

Med dette seminaret set me i gang eit forsøk som kan føre til at stemmerettsalderen blir sett ned til 16 år ved kommuneval i alle kommunar.

Når eg seier kan, er det fordi det er eit forsøk.
Forsøk brukar me når me ikkje er heilt sikker på at om eit tiltak skal ende i ei generell reform. Regjeringa vil hauste erfaringar før me avgjer om me eventuelt vil gå vidare og føreslå å setje ned stemmerettsalderen til 16 år ved kommuneval.

Med dette forsøket bryt me med prinsippet om at stemmerettsalderen fylgjer myndigheitsalderen.
Akkurat det har vore eit argument mot å la 16-åringar stemme.
Frå anna hald har det blitt vist til at dette er ei gruppe som alt har ei rekkje plikter - dei betaler til dømes skatt - men også ein del rettar.
Det vil difor kunne bli oppfatta som rimelig at dei får stemmerett i representative forsamlingar, som tar stilling til plikter, rettar og gode ungdom skal ha.

Forsøk er etter kvart blitt ein viktig del av utviklinga av forvaltning og demokrati i Noreg. Me har eit eige lovverk som tillet forsøk på tvers av gjeldande lovverk.
Akkurat no arbeider me med forsøk med elektronisk stemmegjeving i tillegg til dette. Fire av kommunane som skal prøve ut nedsett stemmerettsalder er også med her.

Når me for eit år sidan inviterte alle kommunane hadde nok dei færraste trudd at interessa for forsøket skulle bli så stor. I alt 143 kommunar melde si interesse. 20 kommunar og Longyearbyen lokalstyre blei til slutt valde ut til å bli forsøkskommunar.
 
Eg trur dei 20 kommunane representerer mangfaldet i kommune-Noreg. Den største kommunen, Stavanger, har vel 121 000 innbyggjarar. Den minste, Osen kommune, har vel 1000. Alle fylka utanom Oslo er representerte.
Og heile det politiske fargekartet er representert.

Til saman bur det over 350 000 innbyggjarar i dei 20 kommunane. Nesten 10 000 16- og 17-åringar er omfatta av forsøket.
Det betyr at dei får lov til å stemme og vere med å avgjere samansetninga av  kommunestyret.

Det er viktig å trekkje ungdom med i politisk arbeid.

For det første skal unge kunne påverke samfunnsutviklinga.
Mange av vedtaka i kommunane har verknader for ungdom. Eg meinar difor, uavhengig av dette forsøket, at kommunane bør leggje til rette for at ungdom får medverke.
Skjer ikkje det kan kommunale vedtak lett bli for sterkt prega av vaksentenking.
Det er ikkje ein liten del av dei kommunale budsjetta som handlar om ungdom. Både skole-, fritids og kulturpolitikk vedkjem dei unge.
Samfunnsutvikling og planlegging handlar mellom anna om å leggje til rette for at unge skal trivast, vere trygge, til dømes på skulevegen.
Dei skal kunne utvikle seg i lokalsamfunnet og finne det attraktivt å bli verande.

For det andre, mange av dei som er politisk aktive i unge år vil kunne bli politiske leiarar i framtida. Det er viktig å rekruttere unge til demokratisk deltaking, slik dei gjer i Flesberg kommune gjennom eit eige kommunestyre for ungdommen.
Lokalpolitikken bør vere ein god skule for ei seinare rolle som samfunnsleiar og ombod, enten det er på lokalt, regionalt eller sentralt plan.

Heldigvis legg dei aller fleste kommunane til rette for at ungdom skal vere ein del av det kommunale apparatet som tek avgjerder. Ein fersk studie frå Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR), syner at 80 prosent av kommunane har etablert til dømes eige kommunestyre for ungdom, eller enda meir vanleg, ungdomsråd.

Kva desse driv med og kva formål dei har, vil variere frå kommune til kommune. Det vil også variere kor godt slike ordningar fungerer.

I januar sende eg eit brev til alle kommunar. Der sa eg at eg ynskjer at alle kommunane skal sjå nytta av å ha eit sterkt organ som gjer at barn og unge kan ta del i lokalpolitikken.

La råda til dømes disponere eigne midlar og la representantar herfrå få møte- og talerett i kommunestyret.

Me veit at unge borgarar ikkje stiller seg likegyldige til samfunnspørsmål.
Lokaldemokratiundersøkinga, som Institutt for samfunnsforsking har gjennomført på oppdrag frå KRD, syner at sjølv om unge under 30 år stemmer i mindre grad enn eldre er dei langt på veg er like aktive når det kjem til alternativ deltaking.

For eksempel syner undersøkinga at ungdom under 30 år i noko større grad enn innbyggjarane elles har delteke i underskriftsaksjonar.

Når me no ynskjer å prøve ut stemmerett for 16-åringar, går me eit steg vidare.

Men engasjement er altså det me ynskjer.

Stemmerett formaliserer innverknad. Som røystefør har du rett til å vere med å avgjere kven som skal bli kommunestyrerepresentantar, med ansvar for dei viktigaste avgjerdene for lokalsamfunnet.
Dei unge er med å velje representantar som skal fatte vedtak med verknad for deira kvardag.

Dette betyr at partia må gjere seg meir lekre for ungdomsgruppa.

Det kan dei gjere når dei utformar sitt lokale partiprogram og dei kan sørgje for at unge kandidatar får plass på partia sine lister.

Kva vil me så oppfatta som suksess og ikkje suksess ved forsøket?

Auka engasjement for politikk og det som rører seg i samfunnslivet lokalt er viktig.

Men vil stemmerett føre til at ungdom føler at dei blir meir tekne omsyn til når lokale midlar skal fordelast og lokale vedtak bli fatta.

Me treng merksemd rundt politiske deltaking blant ung. Valdeltakinga er liten blant førstegongsveljarane. Forsøk i seg sjølv kan skape merksemd. Fleire unge kan møte fram i stemmelokala.

Høg valdeltaking har ikkje har blitt sett som eit mål for forsøket.
Me har likevel nokre vurderingar rundt valdeltaking.
Det eine er om denne gruppa kjem til å stemme i større grad enn aldersgruppa over.
I vidaregåande skule er det sterk merksemd retta mot val og valkamp. Det kan gjere at 16- og 17-åringar vil stemme i større grad enn dei som seinare i ungdomstida ikkje går på skole.

Forskargruppa ved Institutt for samfunnsforsking og Rokkansenteret, som skal evaluere forsøket, har gjort nokre interessante analysar.

Dei tyder på at dei som stemmer første gong som 19-åring stemmer i mindre grad enn en dei som stemmer for første gong som 18-åring. 
Det skal bli interessant å sjå om dette tyder at også gruppa av 16- og 17-åringar stemmer i større grad enn 19-åringane.

Dersom me skal snakke om forventningspress er det nok 16- og 17-åringane som har dei største forventningane retta mot seg.

Men også andre viktige aktørar skal bidra til at forsøket blir ein suksess.

Departementet har det overordna ansvaret for forsøket.

- Me vil gi ut ein informasjonsbrosjyre til 16- og 17-åringar.
- Me satsar på nett og sosiale media. Det er laga ei eige nettside og ei Facebook-side for prosjektet.

Det blir også etablert ein nettstad for dei som arbeider med prosjektet, sentralt og lokalt. Der kan informasjon bli delt.
- Me har sett av 2,9 mill kroner til grundig evaluering av forsøket. Når me sett i gang eit forsøk er det for å finne ut om det kan vere smart å setje i verk eit tiltak i full skala. Då treng me kunnskap, data, analysar og flinke folk til å gjere det. 
- Me skal ha to seminar. Dette og eit i 2011, før valet, mest for å gjere greie for det som har med det valtekniske å gjere.
- I samband med forsøket skal me utarbeide ein eigen forskrift. Det vil bli informert meir om forskrifta i morgon.

Kommunane vil sjølvsagt spele ei nøkkelrolle. Kommunen er valstyresmakt og har såleis ansvar for den tekniske gjennomføringa av forsøket i den enkelte kommune.

Ei anna side er at kommunen har ansvar for forsøket i ein større breidde. Ungdommane skal bli førebudd på å stemme.

Dersom dei vel ikkje å stemme, skal dei likevel ha eit grunnlag for å reflektere over kvifor dei eventuelt vel ikkje å gjere det.

Difor er det viktig at kommunen legg til rette for balansert, men engasjerande informasjon om kva val tyder for samfunnstyring og kva dei ulike vallistene står for.

Då er det viktig med eit tett samarbeid med skulane der dei unge veljarane tilbringar dagane sine.

Dei fleste av dei nye som skal stemme vil, når valet skal gjennomførast, gå på vidaregåande skule.

Det er viktig at kommunane og fylkeskommunane legg til rette for nødvendig opplæring, slik at dei unge på ein ansvarsfull måte kan gjennomføre valhandlinga si.

Ungdommane som i 2011 blir 16 eller 17 år går no på ungdomsskolen. Som ungdomsskoleeigar kan kommunen alt no setje i verk opplæring om val og lokaldemokrati. Eg vil sterkt oppmode til at det finn stad.

Eg vil også retta ein appell til partia. Me kjenner no ein del til nominasjonsprosessane i lokalpartia. Me veit at enkelte grupper ikkje når opp på listene slik at dei blir godt nok representerte i kommunestyret.

Kvinner er ei slik gruppe. Ungdom er ei anna gruppe som er sterkt underrepresentert. Her kan partia styrkje representasjonen ved å nominere unge kandidatar.

Dette er også ein viktig debatt i alle kommunar, ikkje berre der det skal vere forsøk.

Dette vil heller ikkje vere dumt for å tiltrekkje seg veljarar frå den nye veljargruppa. Eg vil også understreke at partia legg til rette for ein valkamp som er godt tilpassa dei nye veljarane.

Me ser dessutan på LNU og Barneombodet  som viktige medspelarar. Det er ikkje minst takka vere desse at me har sett i gang forsøket.

Til slutt vil eg ynskje dykk alle eit godt seminar. Eg vonar det kjem ein fruktbar dialog ut av det. Særleg vil eg ynskje kommunane ei vellukka førebuing og gjennomføring av forsøket. Eg håpar det vil bidra til skape engasjement og interesse for val blant ungdom.