Godt budsjett for kommunesektoren
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Innlegget blei sendt til Nationen 08.10.2010.
Tale/innlegg | Dato: 22.10.2010
Av: Tidligere kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
- Den raudgrøne regjeringa vil halde fram arbeidet med å styrke kommunane, og slik sikre gode teneste for innbyggjarane i heile landet, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Nationen hevdar på leiarplass torsdag at kommunane er i skvis. Ja, kommunesektoren står overfor store utfordringar. Samstundes har den raudgrøne regjeringa gitt sektoren eit monaleg økonomisk løft.
Meir midlar til rådvelde
Frå 2005 til 2010 har realveksten i dei samla inntektene vore om lag 41 milliardar kroner, eller 15 prosent. Om lag halvparten av inntektsveksten har kome som frie inntekter. Den sterke inntektsveksten har gjeve 70 000 nye tilsette i kommunesektoren. Dette utgjer ein skilnad.
Det har no vore naudsynt å nærme seg handlingsregelen. Dette gjer at regjeringa i forslaget til statsbudsjettet for 2011 har stramma inn noko samanlikna med tidlegare år.
Å sikre orden i økonomien og sikre arbeidsplassar er også viktig for kommunane.
Dei førebelse tilbakemeldingane, viser at det er stor grad av semje om dei samla rammene på statsbudsjettet.
Har prioritert kommunane
Innanfor desse rammene er kommunesektoren prioritert. Det er rom for auka aktivitet også i 2011. Fleire småbarn og fleire eldre gjer det naudsynt med fleire barnehageplassar og eit større tilbod til dei eldre. Budsjettet for 2011 set kommunesektoren i stand til å byggje ut tenestene i takt med denne utviklinga.
Rammene vil også dekke dei auka pensjonskostnadene som kommunesektoren vil få. I tillegg ligg det inne særskilte satsingar på barnevern, barnehagar, skule, eldreomsorg, rusomsorg og samhandling mellom staten og kommunane på helsetenestene.
Må forvalte godt
Samstundes er det ingen tvil om at veksten i kommunane sine inntekter neste år er lågare enn mange kommunar hadde ynskja seg.
Eg har aldri lagd skjul på at dette er eit nøkternt budsjett. Som eg har understreka overfor lokalpolitikarar og kommunale leiarar fleire gonger. Kommunane forvaltar ein stor del av midla til fellesskapet.
Difor må kommunane utnytte dei inntektene dei har på ein best muleg måte. To områder der kommunane kan spare pengar, er ved å få ned sjukefråværet og redusere energiforbruket.
Dette vil kunne gje til dels store innsparingar. Det er viktig at alle kommunane tenker på korleis dei kan utnytte ressursane sine for å gje innbyggjarane eit best muleg tilbod innanfor dei rammene dei har.
Den raudgrøne regjeringa vil halde fram arbeidet med å styrke kommunane, og slik sikre gode teneste for innbyggjarane i heile landet.