Historisk arkiv

Hald landet i hevd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Tidens Krav 25.10.2010.

- Kvart einskild samfunn må vere medveten sitt ansvar. Innbyggjarane har ei rolle å spele, som medborgarar, politikarar og medarbeidarar i offentlege og private verksemder, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette innlegget.

Styrken i det norske samfunnet ligg i at me brukar heile landet. Slik får me det beste ut av ressursane i naturen, kulturen og menneska.

Dette er ein tankegang de er vel kjend med på Nordmøre. Ein region med stolte tradisjonar for verdiskaping med basis i naturen, lokale fortrinn og dei som bur her.

Skal me framleis ha det slik, må dei enkelte lokalsamfunna vere attraktive og oppteken av utvikling.

Dette har vore eit sentralt tema for den raudgrøne regjeringa, som no har sete i fem år. Eg meiner me på mange felt har bidrege til regional utvikling og utvikling av attraktive lokalsamfunn i heile landet.
 
Distriktspolitisk løft
På det overordna planet har me gjeninnført differensiert arbeidsgjevaravgift, fått til eit distriktsløft, der me har auka løyvingane til dei særskilte distrikts- og regionalpolitiske verkemidla med nærare 60 prosent frå 2005 til 2011.

Me har styrkja kommuneøkonomien og satsa på innovasjon, entreprenørskap og kommunale næringsfond.

Me har fått på plass ein konkret og ambisiøs transportplan, landbruks- og matnæringa er i siget og spennande næringsklynger veks fram nye stader.
Eg er også nøgd med at me har fått til ei storstilt satsing på breiband, som blir fylgd opp med ambisjonar om få til enda større kapasitet på digitale løysingar over heile landet.

Vekst nedanfrå
Samstundes har me vore klar på at sjølv om nasjonale styresmakter kan gjere mykje, kan dei ikkje gjere alt. Me kan ikkje i regjering og Storting vedta lokal vekstkraft og lokale initiativ.

Kvart einskild samfunn må vere medveten sitt ansvar. Innbyggjarane har ei rolle å spele, som medborgarar, politikarar og medarbeidarar i offentlege og private verksemder.

Eg trur denne vektlegginga av ansvar blir enda viktigare i distrikts- og lokalpolitikken i åra som kjem. Eg meiner også det er riktig å ta utgangspunkt i at vitet sit lokalt og at vekstkrafta kjem nedanfrå.

Det er dei enkelte lokalsamfunna som må finne ut korleis dei får innbyggjarane til å trivast og bli attraktive for tilflyttarar frå  inn- og utland. Det er den enkelte kommune som må skjøne at dei må vere ei god førstelinje for næringsliv og nyskaparar, slik at det kan komme nye arbeidsplassar. Det er offentlege styresmakter og private krefter som saman må skape dei gode kulturtilboda og dei inkluderande samfunna.

Som statsråd med ansvar for kommunar, distrikt og regionar får eg reise mykje rundt i eit mangfaldig land. Det som slår meg på desse turane er ein sterk vilje til utvikling, nyskaping og omstilling.

Det er denne haldninga me ynskjer å dyrke fram fleire stader gjennom det programmet for lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) som me har sett i gang. Saman med fylkeskommunane skal kommunane bli betre til å planleggje og gjennomføre utviklingsprosjekt.

Slike satsingar har ein lang og god tradisjon i Noreg. Me har alltid vore ein nasjon som har måtta takle omstilling og endring. Samstundes har me vore oppteken av å ta vare på eit spreidd busetnadsmønster og sikre eit godt grunnlag for å hauste av dei ressursane me har.

Ut frå dei gode erfaringane me har sett, er eg overtydd om at det er eit ansvar lokalsamfunna også her i regionen er klar for å ta.