Historisk arkiv

Ikkje makteslaust å reise debatt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget ble sendt Adresseavisen 23.04.2010.

Adresseavisen hevdar på leiarplass at eg har svikta mine eigne meiningar i ordskiftet om motmakt og regional utvikling. Det er synd at avisa ikkje var til stades då eg inviterte til møtet om temaet i Trondheim tidlegare i år.

Då hadde avisa truleg fått litt meir grep om problemstillinga.
Dette har aldri vore ein kampanje mot innbyggjarane i Oslo. Det er eit forsøk på, ja, reise ein debatt om kva slags samfunn Noreg skal vere om nokre tiår, og kva som er sentrale utviklingstrekk no. Då er det umulig ikkje å ta stilling til maktopphoping og haldningar i maktmiljø i Oslo og spenninga sentrum periferi.
At eg dei siste dagane har presisert dette, er korkje bortforklaring eller sjølvkritikk, slik avisa hevdar.

Ambisiøse Midt-Noreg
For ein sentral by som Trondheim og ein ambisiøs region som Midt-Noreg er det ein viktig debatt. Det grip inn i utviklinga innanfor akademia, media, kulturliv og næringsliv. På alle desse områda har Trøndelag mykje å bidra med til beste for heile landet. Men har ein makt til å utvikle alle desse områda regionalt?

Det er forunderleg at debatten skal vekkje irritasjon hos ei avis, som jo lever av offentleg ordskifte med spissformuleringar og politikarar som ikkje går av vegen for ein konfrontasjon.

Eg kan forsikre Adresseavisen om at me har ambisjonar om halde fram med ordskiftet, og jamvel freiste å lage konkret politikk av det.

Vil fordele kompetanse
Eit konkret tiltak er det utvalet regjeringa sette ned tidlegare i år for å få fram meir kunnskap om kva tiltak me treng for å få til ei betre fordeling av kompetansearbeidsplassar i landet.

Me har sett i verk utviklingstiltak for å gjere mindre lokalsamfunn betre i stand til å drive samfunnsutvikling. Me har ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk, mellom anna for å gjere fylkeskommunane til betre medspelarar i deira regionar. Me har bygd ut breiband og lagt til rette for raskare fibernett. Me skal sjå på korleis me skal organisere og avgrensa den statlige styringa av kommunesektoren.

Å setje søkelys på utviklingstrekk og urovekkjande tendensar utan å ha alle svar klar, burde vere sjølvsagt i ei tid der borgarane forventar å få kome med innspel. Det er ikkje frå skyttargrava me har best oversikt.