Historisk arkiv

Ikkje stor vekst i kommunebyråkratiet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til VG 09.11.2010.

- Høgre og Framstegspartiet tek feil når dei påstår at byråkratiet i kommunane har vokse mykje. Regjeringa si store satsing på kommunane sidan 2005 har gått til tenester til innbyggjarane - til skule, eldreomsorg og barnehage. Lite har gått til administrasjon, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette innlegget.

Høgre og Framstegspartiet tek feil når dei påstår at byråkratiet i kommunane har vokse mykje. Regjeringa si store satsing på kommunane sidan 2005 har gått til tenester til innbyggjarane - til skule, eldreomsorg og barnehage. Lite har gått til administrasjon.

I oppslag i VG laurdag og søndag viser Høgre og Framstegspartiet til utviklinga i kommunane sine administrasjonsutgifter i perioden 2001-2009. Sjølv om tala viser ein nominell vekst, så har administrasjonsutgiftene som del av dei samla utgiftene blitt redusert. Dette er viktig fordi mest mulig av inntektene skal gå til tenesteyting.

Gode tenester krev også administrasjon. Talet på tilsette i administrasjonen i kommunane og fylkeskommunane i 2005-2009 auka med om lag 1300 årsverk eller 2,7 prosent. Til samanlikning var det ein auke på 16 400 årsverk eller 15,3 prosent innanfor pleie- og omsorgssektoren. Kommunane prioriterer altså velferd.

FrP er ikkje truverdig i sin kritikk av administrasjonsutgifter. FrP vil øyremerke  og stykkprisfinansiere meir - det vil i så fall auke behovet for administrasjon i stat og kommune.

Regjeringa har styrka kommuneøkonomien med 41 milliardar kroner sidan 2005. Kvar dag har det blitt tilsett 11 nye menneske innan pleie- og omsorg og kvar dag er det oppretta meir enn ei ny barnehageavdeling, 32 nye barn har kvar dag fått plass. Det er det kommunane nyttar pengane til. Det vil dei gjere framover også.