Historisk arkiv

Integrering som verkar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kronikken sto på trykk i Østlandets Blad 23.08.2010.

- Kommunane burde stå i kø for å ta æra for at det går bra med integreringa i Noreg, meiner kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og og barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken.

Kommunane burde stå i kø for å ta æra for at det går bra med integreringa i Noreg. Vi har god støtte frå fakta på dette.

På avgjerande område går det betre med integrering i Noreg enn land vi ofte samanliknar oss med. Fleire er i arbeid, fleire lærar seg norsk og forskjellane mellom innvandrarane og resten av befolkninga minkar. Dessutan gir innvandring distrikts-Noreg innbyggjarar og liv til lokalsamfunn.

Rådslag om mulegheiter
Samstundes som vi også har klare utfordringar kva gjeld integrering, vel vi å sjå på mulegheitene. Difor inviterer vi 23. august til eit rådslag om integrering i kommunane. Kommunar, næringsliv og lokalsamfunn spelar ei nøkkelrolle, både i arbeidet med å busetje flyktningar og familiane deira, og i å ta i mot andre innvandrargrupper.

Norske lokalsamfunn er blitt mangfaldige og fargerike dei siste tiåra. I alle kommunar er det no innbyggjarar med annan bakgrunn enn den velkjende vestlege. Dei siste åra har vi hatt stor arbeidsinnvandring. Mange arbeidsinnvandrarar blir værande med familien sin.

Innvandring er viktig for å halde oppe folketalet rundt i Noreg. I 2009 hadde 89 distriktskommunar auke i folketalet. I heile 54 av desse kommunane kom auken av innvandring frå EØS-land, familieinnvandring og av flyktningar. I distriktskommunane utgjer innvandrarar i underkant av seks prosent av folketalet. I landet sett under eitt er det om lag 11, 5 prosent innvandrarar.

Men nyttar vi potensialet som ligg i innvandring godt nok? Svaret er diverre nei. Det er synd, fordi for samfunnet og kvar einskild av oss er det mykje positivt knytt til innvandring. Vi meiner at innvandringa har styrkt Noreg. Samfunnet er tilført impulsar, kunnskap og mangfald.

Nasjonen har fått viktig arbeidskraft. Distrikta har fått nye innbyggjarar. I åra som kjem vil vi framleis busetje flyktningar og leggje til rette for arbeidsinnvandring . For distrikts-Noreg er dette avgjerande for å halde folketalet oppe og for å få nok hender til å løyse mellom anna  velferdsutfordringar  lokalt. Inkludering av tilflyttarar, anten dei kjem som arbeidsinnvandrarar frå Polen og Nederland, familieinnvandrarar frå Russland og Thailand eller kjem som flyktningar, er sentralt for lokal samfunnsutvikling.

Arbeid først
Jobb nr. 1 er arbeid og yrkesdeltaking. Det er fleire i innvandrargruppa som har arbeid i Noreg enn til dømes i Sverige og Danmark. Men endå fleire må i arbeid og få skape si eiga verksemd. Ikkje minst gjeld det kvinner. Gjennom arbeid får dei høve til å lære betre norsk og skaffe seg kunnskap om det norske samfunnet.

Vi har ei rekkje unge flyktningar som skal finne sin plass i samfunnet, anten det er i skulen eller i arbeidslivet. Vi har ikkje råd til at dei hamnar på sidelinja, og blir ein del av ein uregulert og brutal arbeidsmarknad.

Sikrar vi fleire arbeid, kan vi også redusere tendensen til at ein del innvandrargrupper flyttar frå distriktskommunar til større kommunar.

Verdal er eit godt døme på eit lokalsamfunn som har teke fatt i desse utfordringane. I prosjektet ”Krafttak for inkludering i Verdal kommune” mobiliserte dei arbeidsledige innvandrarar. Tett oppfølging av deltakarane, samarbeid med næringsliv, alternative løp i fagopplæringa og norskopplæring i bedriftene er stikkord i eit vellukka arbeid.

I Lofoten tek mange innvandrarkvinner del i prosjektet ”RISKIT”(Regionalt Internasjonalt Senter for Kulturutveksling og Innovativ Tenking). Målet har vore inkludering, rekruttering, fleirkulturell verdiskaping og ressurssenter for internasjonale kvinner. No vil fleire nytte ideen. 

Lokalt engasjement
Fleire kan lære av dei vellukka historiene frå små og mellomstore kommunar. Der engasjerer gjerne busetjing og integrering innbyggjarane i større grad enn i dei store byane. I tillegg er arbeidsmarknaden meir oversiktleg.

Men innvandrarar er ikkje berre arbeidskraft! La dei i endå større grad ta del i lokaldemokratiet og det sosiale livet i bygda. Det er bruk for desse innbyggjarane i kommunestyre, råd og utval og frivillig virke.

Det må bli prestisje for kommunane at innvandrarar kjem, og ikkje minst blir buande. Då må integrering og inkludering bli ein naturleg del av arbeidet med lokal samfunnsutvikling. Både nasjonen og lokalsamfunn treng våre nye borgarar.