Historisk arkiv

Jubilere, men ikkje juble

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til fleire lokal- og regionaviser.

- 401 av 430 kommunestyre har i dag fleirtal av menn. Kvotering er riset bak spegelen.

Denne veka er det 100 år sidan kvinner fekk stemmerett ved kommunestyreval. Me kan jubilere, men ikkje juble. Det er framleis langt att til full likestilling i lokalpolitikken. Kvinner må øvst på vallistene. Kvotering er riset bak spegelen.

Menn må gje frå seg makt og posisjonar. Først då får kvinner sin rettmessige plass i lokalpolitikken. Det held ikkje med halvparten av plassane på listene. Kvinnene må stå på toppen. Dei som står på dei øvste plassane, og dei som i tillegg får stemmetillegg, blir oftast valt inn og får verv.

401 av 430 kommunestyre har i dag fleirtal av menn. På dei siste 10 åra har kvinnedelen i kommunestyra berre gått opp frå 33 prosent til 37,5 prosent. Held likestillinga fram i same snigletempo, vil det ta meir enn 30 år før halvparten av kommunestyremedlemane er kvinner. Berre to av ti ordførarar er kvinner. Slik kan det ikkje halde fram.

7. juni 1910 fekk altså kvinner retten til å stemme ved kommuneval og rett til å få kommunale verv. Spørsmålet var svært kontroversielt og handelsminister Sofus Arctander gjekk av i protest.

Me har brukt 100 år på å nå ein kvinnedel på 37,5 prosent i kommunestyra.

No må kommunar og parti utvikle nye strategiar for å hanke inn dugelege kvinnfolk. Potensialet er stort. Det syner ny forsking. Det finst masse kvinner som både er interesserte og dyktige.

Eit hovudproblem er at medlemene i nominasjonskomiteane i stor grad rekrutterer folk som er lik dei sjølve eller som dei kjenner godt frå før. Me må bryte mønsteret som gjer at nominasjonsnemndene har ei overvekt av menn – og at det er menn som er leiarar og legg føringane for korleis listene skal sjå ut.

22 kommunar prøver no ut ulike tiltak for å betre både rekrutteringa av kvinner til lokalpolitikken og for å halde på dei kvinnene som allereie er engasjerte gjennom Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken. Dette kan andre kommunar lære av.

Alle kommunestyra i landet må gå i seg sjølve for å finne ut om dei har lagt opp ei arbeidsform - og ein kultur som appellerer til kvinner.

Fleire kvinner i lokalpolitikken er eit demokratisk spørsmål. Betre balanse mellom kjønna vil gje større breidde i synspunkt og korleis me løyser ulike saker.

Når nokre skal få meir makt, må andre gje frå seg makt. Difor må me ha mannfolka med i kampen for å sikre kvinner meir makt og fleire posisjonar.

Eg vil ikkje utelukke at det kan bli naudsynt å ta i bruk kvotering i framtida om ikkje utviklinga skyt fart med det arbeidet me no gjer mellom anna i Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken. Me treng vel ikkje 100 år til før norske kvinner er jamstilte i lokalpolitikken?