Historisk arkiv

Samling for grøne energikommunar 8. februar 2010

Klimaarbeid fra plan til praksis

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Kommunane vil få ein sentral posisjon i arbeidet med å redusere utsleppa av klimagassar, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete då ho opna ein konferanse for prosjektet Grøpne energikommunar måndag 8. februar.

Gode deltakarar!
Kor grøn og miljøvennleg kan ein kommune eigentleg vere?
Eg kjenner ikkje det nøyaktige svaret. Men eg er overtydd om at alle kommunar, også dei som allereie har gjort ein framifrå innsats, kan tenkje mykje meir grønt dei neste åra.
”Håpet er lysegrønt”, heiter det i diktet. Men svaret må vere mørkegrønt.
Eg er difor glad for at me har prosjekt som Grøne energikommunar.
Viss eg skal tenkje høgt om korleis ein miljøvennleg kommune bør vere, ser eg for meg noko slikt:

  • energiforbruket i kommunale og private bygg og bustader er halvert
  • kommunale bygg blir bygd etter passivhusstandard
  • nye bustader og bygg er passivhus som nytter til dømes bioenergi til oppvarming
  • det fins eit nett for fjernvarme og kommunen har lagt om til bioenergi
  • infrastrukturen er tilpassa miljøvennleg drivstoff -det er muleg å fylle biodrivstoff og det ladestasjonar for elbilar
  • dei kommunale medarbeidarane køyrer rundt bilar og bussar som går på elektrisitet, biogass osb
  • kommunen har inspirert og lagt til rette for at næringslivet og innbyggjarane set i verk ENØK-tiltak, energiomlegging og miljøvennlege val
  • i skule og barnehage får barn lære om klima, miljø og kva dei sjølve kan bidra med
  • dei overordna planane har ambisiøse mål for utslippsreduksjon og meir effektiv energiutnytting
  • det fins torg for gjenbruk og organiserte bytteringar
  • Og sjølvsagt, kommunen stiller miljøkrav når dei gjer store og små innkjøp

Så ambisiøse må me tore å vere. Skal Noreg få ned utsleppa av klimagassar, då må kommunane gjere ein solid innsats.

Om nokre dagar kjem nye framlegg frå Klimakur, ei etatsgruppe som skal vurdere aktuelle verkemiddel og tiltak for  å oppnå reduserte utslepp.

Eg veit ikkje kva som vil stå der, men i ein tidlegare klimaanalyse frå SFT var meldinga klar.
Der heitte det at av dei 15-17 millionar tonn klimagassar Noreg skal kutte innan 2020, kan halvparten takast ved hjelp av kommunale verkemiddel.

Det er ei stor bør, men også ei tillitserklæring til kommunane.
Miljø– og klimautfordringane kan altså berre bli løyst viss me greier å skape lokalt engasjement og handling, i tillegg til det me gjer nasjonalt og globalt.

Me har fleire interessante initiativ på dette området.

Framtidas byer er eit samarbeid mellom staten og dei 13 største byområda i Noreg. Framtidsbyane har som mål å redusere klimagassutsleppa med 24 prosent innan 2020 og 35 prosent innan 2030. Slik skal desse byane bli betre å bu i.

Så er eg er glad for at de i Grøne energikommunar kan vise fram gode døme på kommunar og lokalsamfunn som er på veg mot ein slik draum.

I Sunndal kommune er fagfolk engasjerte for å utvikle ein sentrumsplan som tek omsyn til klimaet.

I Tingvoll er det eit spanande prosjekt om klima og mat, om korleis eit institusjonskjøkken kan endre rutinane sine.

I Lier har dei inngått ein energisparekontrakt, der ein ekstern rådgjevar garanterar gevinst av tiltaka det blir investert i.
Slike kontraktar, Energy Performance Contract (EPC) som er fagnemninga, er særs interessante.

Kommunane treng nemleg å ta eit krafttak kva gjeld energiforbruket. Det er aukande, naturleg nok når det er vekst i sektoren. Med ei straumrekning på 4,6 milliardar kroner i 2008, vil ei innsparing kome godt med.

Då er ein energisparekontrakt vegen å gå for mange. Kommunen skaffar fram informasjon om mellom anna bygningar. Så konkurrerar ulike leverandørar om å foreslå enøktiltak, investeringar og gevinstar.

Som miljørådgjevar Unni Hofstad i Lier kommune seier i det bilaget som Grøne energikommunar har fått laga.
- Det er så enkelt som at viss den lova innsparinga ikkje kjem, er leverandøren ansvarleg og må ta kostnaden. Dersom me sparer meir, deler me gevinsten. 

Ifylgje Enova er potensialet for innsparing stort.
Eit konservativt tal seier nærare ein milliard kroner med ein gjennomsnittleg energipris på 70 øre/kWh.

Dette er pengar som kommunane kan nytte til å betre dei tenestene dei må levere.

Vis meg den ordføraren som seier nei til ei slik mulegheit.

Det er difor bra at det under denne samlinga kjem meir informasjon om energisparekontraktar, korleis dei kan finansierast, mellom anna gjennom Kommunalbanken, og korleis kommunane kan bli meir medvitne energikundar.

Innan 1. juli 2010, om mindre enn fem månader, skal alle kommunar ha på plass første generasjon av klima- og energiplanar. Anten i kommuneplanen sin eller som eigen kommunedelplan.

Det er muleg eit fleirtal her i salen har godt samvete. Men langt i frå alle kommunar er i rute. Det må gjerast ein jobb!
Og det hastar!
Men skal me lukkast, handlar det ikkje berre om å lage ein plan. Han må vere forankra i leiinga og i dei einskilde etatane. Dei må vete kva kommunen skal gjere.

Alle ordførarar og rådmenn eg møter framover bør vere i stand til, på ståande fot, å gjere greie for dei viktigaste klimatiltaka i kommunen.

Dei som byrjar å flakke med blikket, kan til dømes få melding om å lære av dette programmet.

Med tittelen Frå plan til praksis har de sett rett tone for desse konferansedagane.

Programmet Grøne energikommunar har no verka i to år. Det er eit år igjen. Eg venter ein jamn straum av gode døme på korleis kommunekartet kan bli grønare.

Eit program som dette blir først vellukka når det har gjeve effekt ut over deltakarkommunane, når andre kommunar veit at her er det lærdom og erfaring å hente og når dei faktisk skaffar seg denne kunnskapen.

God deling av kunnskapen er difor avgjerande.
Eg venter difor utålmodig på resultata.

Avslutning:
Klima- og miljødebatten står stadig i fare for å bli eit kappløp med fagre ord og luftige mål.

Difor treng me prosjekt som dette. De kan handle og vise veg der andre pratar.

Eg avslørar neppe nokon stor løyndom når eg seier at det i politikk av og til er små saker som tar stor plass.

Då er det godt å kunne kome hit, til ei samling av godt motiverte aktørar med ulik tilknyting til kommunesektoren, for å snakke om eit av dei verkeleg store spørsmåla.

Hugs, på klima- og energiområdet  utviklar ting seg raskt.
Det som var ei ambisiøs satsing for eit år sidan er kanskje ikkje like ambisiøs i dag.
Ten då gjennom kva som er vil vere ambisiøst eit år fram i tid. For ikkje å snakke om kvar vi er om 10 år.

Eg ser fram til å kome attende om eit å for å bli presentert for ei god og konkret oppsummering av eit viktig program.

Lukke til med ein spanande, viktig og ambisiøs dugnad for miljøet.